Operativ grensekontrollør i Møre og Romsdal politidistrikt
Vil du bidra til å sikre Norge mot truslar utanfrå, sørgje for at dei som tek seg inn i landet har lov til dette, og vite kven som er her?
Er du lærevillig med stor arbeidslyst og kapasitet? Er du sjølvstendig og trygg i kontrollsituasjonar, med god evne til å handtere stress?
Då bør du vurdere dei faste stillingane som operativ grensekontrollør ved Felles eining for utlending, forvalting og sivil rettspleie (FUFSR), ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Møre og Romsdal politidistrikt.
Seksjon for utlendings- og grensekontroll består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestader i hhv Ålesund og Kristiansund. Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø og er ute etter ein som bidrar til å styrke dette. Seksjonen er operativ med oppsøkende virksomhet, så ansatte må være/kunne bli IP4 godkjente og
være trygge i kontrollsituasjoner.
Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd. Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioriterte sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar. Seksjonen og fagfelta er i stadig utvikling, og vi skal no styrke dette med fleire faste tilsetjingar. Oppmøtestad er i Kristiansund.
Vi har tidvis høgt arbeidspress og stort krav til fleksibilitet og sjølvstende, der alle må kunne bekle fleire funksjonar for å vareta felles ansvar. Det er ein framifrå arbeidsplass for den som er lærevillig og har stor arbeidslyst, der arbeidsmiljøet er prega av ønske om gjensidig utvikling og gjere kvarandre gode. Seksjonen ønsker mangfold og ser spesielt positivt på søkere med bakgrunn/erfaring/kompetanse som kan utfylle det vi har fra før.
Dei som blir tilsett må pårekne ein del reiseverksemd i politidistriktet og tidsvis ulike oppmøtestadar.
Stillinga må søkjast på elektronisk. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju. Seksjonen ønsker mangfald og ser spesielt positivt på søkarar med bakgrunn/erfaring/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før.
Arbeidsoppgåver
- Systematisk overvake luft -og sjøgrense i Møre og Romsdal
- Oppsøkende fysisk kontroll av fartøy
- Planlegge og gjennomføre personkontrollar
- Være oppdatert på fagfeltet og tilgjengeleg ressursperson for andre driftseiningar
- Rettleiing/opplæring av andre grensekontrollørar
- Ta i vare andrelinje grensekontroll – medrekna å opprette og gjennomføre bort-/utvisingssaker
- Operativ teneste og del av totalberedskapen i politidistriktet
- Jamleg dialog og samarbeid med eksterne aktørar
- Andre oppgåver kan bli lagt til ved behov
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend innan kort tid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk
- Gode basiskunnskapar i IKT
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskeleg:
- Studier/kurs innanfor utlendingsfeltet/grensekontroll
- Brei erfaring frå politiet
- Erfaring frå utlendingskontroll, grensekontroll og etterretning
- Kunnskapar i fleire språk
- Kunnskapar om IKT-verktøy og aktuelle datasystem
Personlege eigenskapar
- Du tar initiativ til eiga utvikling, og har høg lærevilje og evne.
- Du er ein lagspelar som aktivt bidrar positivt til arbeidsmiljøet gjennom humør, åtferd og engasjement.
- Du må kunne jobbe på eiga hand, vere trygg på seg sjølv i kontrollsituasjonar og uoppfordret ta ansvar for eigne og felles oppgåver.
- Du må ha oversyn over oppgåver som skal gjerast, evne å prioritere rett, ha notoritet og sluttføre det som er påbyrja.
- Du må tole tidsknappleik og korte fristar, press frå omgivnader og endringar i prioriteringar. Du evnar å ta taktskifte og handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig.
- Du må vere tilpasningsdyktig i forhold til arbeidsstad og tid. Du evnar å tilpasse deg andre aktørar og endring i roller og arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457 i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetjing er avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - lønsramme 43, frå alternativ 8, frå kr. 454 200,- (ltr. 49)
- Politibetjent 2 - lønsramme 42, frå alternativ 7, frå kr. 425 600,- (ltr 45)
- Politibetjent 1 - lønsramme 41, frå alternativ 6, frå kr. 407 900,- (ltr. 42)
- Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- I tillegg godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Kontaktinformasjon
Frank Knudtzon, Avsnittsleiar, 70 11 87 00Kenneth Huse, Seksjonsleiar, 70 11 87 00
Arbeidsstad
Storgata 436508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.:4543527112
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 14.08.2022
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt er eitt av 12 politidistrikt i Noreg og vi dekkjer heile Møre og Romsdal fylke.
Vi jobbar etter prinsippa i medarbeidarplattformen for politiet som inneber å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på.
Politiet meiner at inkludering og mangfold er ei styrkje. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg kan vi tilrettelegge for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Etter at søknadsfristen er gått ut blir det sett opp ei offentleg søkjarliste. Opplysingar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Vi oppfordrar alle søkjarar om å registrere utfyllande CV i søknadsportalen og legge ved relevante vitnemål og attestar.