Lærar Uggdal skule
Vil du vere med på laget vårt? Me har behov for fleire dyktige lærarar til dei flotte elevane våre.
For våren 2023 har me behov for to vikarlærar i inntil 100 % stilling, med moglegheit for fast stilling frå skuleår. Me ønskjer deg som møter elevane med omsorg, varme og tydelege forventningar, og som bidreg til å skape ein aktiv og føreseieleg skulekvardag, med gode rammer.
Uggdal skule er ein barneskule med omlag 115 elevar på 1.-4. trinn, og det er tilsaman 25 tilsette til saman på skulen og i SFO. Skulen er oppteken av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for alle elevar og tilsette. Me ser etter deg som har eit positivt elevsyn, som trur på den enkelte elev sitt læringspotensiale og som ser moglegheiter for inkluderande klasserompraksis. Vidare er det ønskjeleg med lærarar som er utviklingsorienterte, fagleg sterke og som ikkje er redde for å ta nye utfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Førebu og gjennomføre undervisning som byggjer fagleg og sosial kompetanse
- Samarbeide med føresette, kollegaer og øvrige instanser
- Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø
- Delta aktivt i skulen sitt faglege og pedagogiske utviklingsarbeid
- Kontaktlæraransvar kan verte aktuelt.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for barneskulen
- Relevant erfaring
- Søkjar bør ha gode IT-kunnskap
Den som vert tilsett må levera gyldig politiattest, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Du set elevane sin faglege og sosiale utvikling i sentrum
- Du er positiv, fleksibel, løysing- og utviklingsorientert
- Du er fagleg engasjert, raus og inkluderande
- Du evnar å arbeide sjølvstendig i kombinasjon med gode samarbeidsevner
- Det vert tillagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass med høg fagleg kvalitet, trivnad og godt humør
- Ein hektisk kvardag saman med flotte elevar og dyktige kollegaer
- Eit godt fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjonsordningar gjennom SPK
- Løn etter kommunalt regulativ
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Helga Krossnes Sunde, Rektor, 48058844, helga.krossnes.sunde@tysnesoppvekst.noArbeidsstad
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4614848777
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.02.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.