Ferievikarar
Org. nr: - Stillingsident: 4201360554 Presentasjon av stillingen:
Trivast du å vera ute i frisk luft og med praktiske arbeidsoppgåver? Kan ein sommarjobb i Tysnes kommune vere noko for deg? Me treng ferievikarar innan teknisk drift og vedlikehald.
Du må vere over 16 år, og ha moglegheit å arbeide minst 4-6 samanhengande veker i perioden veke 19 - 35.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg, og utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg
- Anna førefallanda arbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring og trivast med praktisk arbeid
- Kunne handtere enkle maskinar eks. grasklyppeutstyr
- Sertifikat kl B er ein fordel, men ikkje eit krav
- Andre relevante sertifikat og kompetansebevis t.d. sertifikat for traktor og motorsagkompetanse
Personlege eigenskapar
- Engasjert, allsidig, praktisk og "nevenyttig"
- Gode samarbeidsevner, positiv og løysningsorientert
- Motivert og ansvarsfull
- Evne til å jobbe aleine ved behov
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Lønn etter gjeldande hovudtariffavtale
Kontaktinformasjon
Charles Lunde, Einingsleiar drift og vedlikehald, 481 08 299, charles.lunde@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Tysnes kommune
Referansenr.:4201360554
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 29.03.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.