Barne- og ungdomsarbeidar/assistent - 70-100% fast stilling
Stillingsinformasjon
Vi ønskjer å tilsetje ein barne- og ungdomsarbeidar/assistent som har erfaring med born og ungdom med særskilte behov, og som kan støtte desse elevane i læringsarbeidet. Erfaring med alternativ/supplerande kommunikasjonsverktøy er ønskjeleg. Det er også aktuelt med oppfølging av elevar før og etter skuletid, i tidsrommet frå 07.30 til 16.30.
Arbeidsplass
Meland ungdomsskule ligg sentralt på Frekhaug og har om lag 25 tilsette og 160 elevar per haust 2019.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med lærarar og andre tilsette ha ansvar for oppfølging av elevar med særskilte behov.
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som barne - og ungdomsarbeider er ynskjeleg, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søka.
Grunna innhaldet i nokre av stillingane vert menn oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariffavtale.
God pensjonsordning.
Søknad skal sendast
Søknad skal sendast via vårt elektroniske søknadssystem.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med ved eventuelt intervju.
Generell informasjon
Godkjend politiattest som ikkje er eldre enn tre månader må framvisast ved tilsetting og seinast før arbeidstakar byrjar i stillinga.
Om bedriften
Meland kommune er ein del av Nordhordlandsregionen og nabokommune til Bergen. Kommunen opplever sterk folkevekst og har eit innbyggjartal på ca. 8.000. Det er god kollektivtransport til/frå Bergen med hurtigbåt eller ekspressbuss, og reisetida frå Bergen til kommunesenteret Frekhaug er under 1/2 time.For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag. Meland kommune har ei verdimessig forankring som kjem til uttrykk gjennom visjonen vår "Eit samfunn for alle".