1 stilling i 100% i faga norsk og engelsk
Bryne vidaregåande er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 1600 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, medium og kommunikasjon, restaurant- og matfag, service og samferdsel, studiespesialiserande, teknikk og industriell produksjon og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområder er vurderingspraksis og fagfornying, med fokus på djupnelæring og satsingsområda i ny Overordna del. Ei fast stilling i faga norsk og engelsk Bryne vidaregåande skule har frå og med 01.08.2019 ledig inntil 100% fast stilling med undervisning i norsk og engelsk på yrkesfaglege programområde, i vaksenopplæring og studieførebuande utdanningsprogram. Kvalifikasjonskrav:
- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i begge faga, samt godkjent praktisk pedagogisk utdanning
- Godkjent politiattest
Me ynskjer:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
- At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over eigen praksis saman med elevar og kollegaer
At du er personleg skikka vil bli vektlagt. Skulen tilbyr:
- Eit dynamisk kollegium i nye, flotte undervisningsbygg
- Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
- Bryne er ein vidaregåande skule med rikelege moglegheiter både for lærarar og elevar
- Løn etter avtale
Kontaktperson: Ole Martin Hillesund Telefon: 92 48 40 71. E-post: ole.martin.hillesund@skole.rogfk.no Søknadsfrist: 07.06.19 Søk på stillingen
Om bedriften
Rogaland fylkeskommune er en av fylkets største arbeidsgivere med rundt 4000 ansatte. Vil du være med å utvikle Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
Sammen utvikler vi ett godt Rogaland!