Sekretær i 50% stilling ved Ål kyrkjekontor
Oppgåver:
• Publikumskontakt gjennom ekspedisjon og sentralbord
• Sekretær for prosten med planarbeid, organisering av vikarteneste mv.
• Post / arkiv
• Kyrkjebokføring og statistikk
• Oppfylgjing av nettsider
• Informasjonsarbeid
• Oppfylgjing av soknerådsarbeid
Kvalifikasjonar:
• Sekretærutdanning eller tilsvarande
• Kontaktskapande og arbeidssam
• Fleksibel og punktleg
• Likar samarbeid
• Kan bruke begge målføre
• Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Har datakunnskap over gjennomsnittleg nivå
Søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja, og arbeide lojalt i høve kyrkja sin bodskap.
Kjennskap til kyrkjeleg organisering, liv og virke er ein fordel.
Lønn- og tilsetjingsvilkår etter kyrkjelege avtaler og tariff. Medlemskap i pensjonsordning.
Om bedriften
Ål kyrkjelege fellesråd har 12 tilsette. I det daglege samarbeider me tett med dei tre prestane våre. Me har tre soknekyrkjer, fjellkyrkje og naturkatedral. Som ein prøveordning er sokneråda slege saman til eitt råd. Kyrkja har eit godt og allsidig arbeid innan musikk, trusopplæring, diakoni og gudstenesteliv. Sekretæren er ein viktig person i arbeidet.