Sjukepleiar - Medisinsk sengepost 1 - Ålesund sjukehus
Ved Medisinsk sengepost 1, Ålesund sjukehus, har vi ledige stillingar for sjukepleiarar i turnus:
- 100% fast stilling frå 01.04.2019
- 95% vikariat frå 01.06.2019 og til 29.02.2020.
Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.
Medisin 1 sengepost inneheld hjartemedisinsk- og lungemedisinsk seksjon.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar.
- God munntleg og skriftleg norskkunnskap.
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med lungesjuke i sjukehus
Utdanningsretning
- Sjukepleie
Personlege eigenskapar
- Positiv
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg engasjert og pasientorientert
- Fleksibel
- Stukturert
- Gode samarbeidsevner
- Har evne til å arbeide sjøvstendig i ein hektisk kvardag
- Teamorientert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
-
Eit godt arbeidsmiljø
-
Høve til fagleg utvikling
-
Lønn etter overeinskomst
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleder, (+47) 70105642, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.no
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenummer:4046285337
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 28.03.2019
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.