100% vikariat sjukepleiar/vernepleiar
I eining for pleie og omsorg har vi ledig eit 100% vikariat i tidsrommet 20.06.22 - 16.04.23, med moglighet for forlenging. Arbeidsstad er for tida Byglandsheimen.
Vi søkjer etter ein sjukepleiar/vernepleiar som kan bidra til å styrke våre team av kunnskapsrike og dyktige tilsette. Eininga er inne i ei spennande omstilling, og den som vert tilsett får ta aktivt del i denne.
Stillinga har 3-delt turnusvilkår med arbeid kvar 3.helg samt 4 netter i 6 vekers turnus.
Vi tilbyr god løn (p.t. 523 100 kr i året pluss tillegg), som tilsvarar full ansiennitet.
Andre spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Kristina Ose tlf. 995 30 799 eller epost kristina.ose@bygland.kommune.no
Arbeidsoppgåver
- Sjuke/vernepleiarfagleg ansvar.
- Sjuke/vernepleiarfagleg ansvar på avdelinga når avdelingsleiar ikkje er til stades.
- Inneha funksjon som skiftleiar på skift.
- Vere primærkontakt for brukarar.
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
- Bidra med kompetansehevande kollegavegleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det.
- Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, leger, sjukehus og andre.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
- Tilfredsstillande norskkunnskaper
- Gyldig politiattest må kunne leggjast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner - er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
- Evne til nytenkning.
- Evne til å opptre sjølvstendig og er initiativrik, fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
- Er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
- God kjennskap til bruk av IKT.
- God til å formidle både skriftleg og munnleg.
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Løn jamfør sentral tariffavtale og rekrutteringstilskot som gir ei samla løn tilsvarande full ansiennitet
(p.t. 523 100 i året pluss tillegg). - Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
- Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
- Bygland kommune har eigen bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse.
- Medlemskap i KLP.
- Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
Kontaktinformasjon
Leif Sigurd Helle, Tenesteleiar Pleie- og omsorg, 95052813, leif.sigurd.helle@bygland.kommune.noArbeidsstad
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bygland KommuneReferansenr.:4519023997
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 27.05.2022
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.