Midlertidig forskarstilling i prosjekt
Org. nr: - Stillingsident: 4244467696 Presentasjon av stillingen:
Barne- og Ungdomsklinikken har stor aktivitet innan forsking, utdanning og innovasjon og er med på å utvikle morgondagens behandlingar. Fleire forskingsprosjekt med eigne midlar er tilknytta Barne- og Ungdomsklinikken.
Prosjektet « Mesenchymale stamcellers rolle ved komplikasjonar til ekstrem prematuritet» har finansiell støtte fra HelseVest. Dette prosjektet har som overordna mål å studere mekanismene bak utviklinga av bronkopulmonal dysplasi vha. humane lungeorganoider. Leiar for prosjektet er Overlege Mariann Bentsen og professor Thomas Halvorsen.
Dette prosjektet lyser nå ut ein 100% forskingsstilling med 2 månaders varigheit.
Arbeidsoppgåver
- Forskingsarbeidet vil bestå av å utvikle lungeorganoider og karakterisere desse med molekylærbiologiske metodar
- Det vert forventa å utvikle preliminære data til bruk i seinare forskinsgssøknader
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer ein realist med spesialkompetanse innanfor stamcelleforsking og organoider
- Forskingskompetanse på PhD nivå er et ønskje
- Du må vere engasjert og sjølvstendig og ha ein eigen «drive»
- Du må ha god gjennomføringsevne
- Du må ha interesse for forsking og vere nysgjerrig
- Det er ein fordel med kreativitet og erfaring frå innovasjon eller industri
- Du må vere god til å samarbeide på tvers av ulike fagfelt, og kunne bidra til eit godt miljø i forskingsgruppa
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmilijø
Kontaktinformasjon
Hege Synnøve Havstad Clemm, Klinikkoverlege, hege.synnove.havstad.clemm@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 79
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4244467696
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 08.06.2020
Sluttdato: 07.09.2020
Søknadsfrist: 07.06.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.