Sjukepleiar Natt
Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu- og helsesenter (BBH) har ei ledig 66,6 % fast sjukepleiarstilling på natt. Det er ønskelig med oppstart frå 01.02.23. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3.helg.
KOR er ein spanande avdeling som har 7 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar. Pasientane kjem til avdelinga anten frå sjukehus eller heimen, og er inne for kortare eller lengre opphald. Opphalda på KOR kan variere mellom eit kartleggingsopphald, planlagde rehabiliteringsopphald i frå heimen, rehabilitering etter sjukehusopphald, avlastning, korttids- opphald eller palliativ behandling.
KOR er ein aktiv avdeling med høg fagleg kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Avdelinga har tverrfagleg samarbeid med lege, heimeteneste, tenestekontor, samt ergo- og fysioterapitenesta. Det er godt samarbeid med nattevaktene på langtidsavdelingane, nord og sør ved BBH.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling
- Sjukepleiarprosedyrar
- Aktiv rehabilitering
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem
- Samarbeid med legevakt og andre ved behov
- Oppfylging av pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Bachelor i Sjukepleie
- 3. års sjukepleiarstudentar kan og søkje stillinga
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med andre
- Er lojal og fleksibel
- Har fagleg engasjement og er løysningsorientert i di tilnærming
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i ei spanande og aktiv avdeling
- Gode kollega med høg fagkompetanse
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar, 909 34 641Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommuneReferansenr.:4590290660
Stillingsprosent: 66,6%
Fast
Startdato: 01.02.2023
Søknadsfrist: 18.12.2022
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.