Ledig 50 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesta, saksnr. 20/178
Heimetenesta har base på sjukeheimen og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til
Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.
Avdelinga har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei
samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt
mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og føler deg trygg i
avdelinga. Turnusane er todelt dag/kveld og 3 kvar helg.
Oppgåver:
Varierte oppgåver og stor variasjon i aldersgruppa me gir tenester til. Mange spanande
faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Heimetenesta arbeider tverrfagleg
med andre virksemder i kommunen som Tenestekontoret, psykisk helse, Hjelpemiddel lager, Fysio/ergo og sjukeheimen.
Me bruker Cosdoc som elektronisk journalsystem. Me jobbar aktivt for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg. Kvardagsrehabilitering blir aktivt brukt for å oppnå dette målet. Arbeidsoppgåvene i stillinga er praktisk bistand i heimen og gi helsehjelp til brukarane. Du må vere innstilt på å utføre reinhald i heimen hjå brukarane.
Kvalifikasjonar for stillinga:
• Autorisasjon som helsefagarbeidar
• Sertifikat (manuell gir)
Må ha godkjent politiattest
Me ser etter deg som :
• Er fleksibel og løysingsorientert
• Intiativrik
• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
• Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar
Sveio kommune kan tilby:
• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
• Gode muligheter for fagleg og personlig utvikling.
• Faste sosiale arrangement
• God offentleg pensjonsordning
• Leasing bil
• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
-
Inkluderende arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelsetjeneste
-
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
For meir informasjon om stilling kan du kontakte:
Einingsleiar Heimetenesta Hildegunn Lindaas, telefon 53 74 82 30
Sveio kommune oppmodar alle våre søkjarar til å nytta vårt digitale søknadssenter
www.sveio.kommune.no/selvbetjening
Treng du hjelp til utfylling av skjema eller tilgang til pc, ta kontakt med Servicekontoret, Sveio kommune. Tlf: 53 74 80 00
SØKNADSFRIST: 13.03.2020