Sokneprest i Voss og Hardanger prosti - sokna Ulvik og Granvin
Stillingsannonsen er inaktiv.Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Almenningen 1, 5730 Ulvik
VELKOMMEN SOM PREST I FAGRE HARDANGER!
Vi har ledig stilling som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, med Ulvik sokn og Granvin sokn som tenestestad.
Ulvik sokn og Granvin sokn ligg innst i Hardanger. Ulvik er eigen kommune, Granvin sokn ligg i Voss herad. Det samla folketalet i dei to sokna er om lag 2000. Kulturlivet er rikt, Granvin har eit aktivt fokemusikkmiljø og Ulvik har ein stor poesifestival annakvart år der bygda sin eigen diktar, Olav H. Hauge, er ein vedvarande inspirasjonskjelde.
Ulvik kyrkje er ei korskyrkje frå 1859. Ulvik har òg eit kapell på Finse. Her er det ikkje faste gudstenester. Ulvik har kyrkjeverje i 80%, trusopplærar 10% og kyrkjetenar 25%. Søndagskulearbeidar er engasjert på timebasis. Organistteneste blir kjøpt frå Voss tilsvarande25 % og vert delt mellom begge sokna. Samarbeidet er godt mellom Ulvik kyrkjelege fellesråd og Voss kyrkjelege fellesråd.
Trusopplæringa i Granvin vert leia frå Voss. Soknepresten er geistleg representant i Ulvik sokneråd og Granvin sokneråd. Granvin kyrkje er ei tømra langkyrkje frå 1726. Kyrkja fekk nytt orgel i 2010. Pengane til dette vart samla inn av bygdefolket. Administrasjonen for Granvin ligg på Voss. Her er kyrkjeverje, diakon, kyrkjemusikarar, kyrkjelydspedagog og kateket.
Det er kontor for sokneprest og kyrkjeverje i Ulvik. Det er også kontor til disposisjon på Voss.
Både Ulvik og Granvin har moderne alders- og sjukeheimar som vert besøkte jamleg med samtaler og andaktar. Samarbeidet med grunnskulane i sokna er godt og det er stort ønskje frå skulane å utvikla samarbeidet vidare. Til jul er det skulegudstenester i båe kyrkjene, til påske er det skulegudsteneste i Ulvik.
Gudstenestene vert likt fordelt mellom Ulvik og Granvin. Frammøte til gudstenestene er stabilt og oppslutnaden kring dåp, konfirmasjon og dei ulike trospplæringstiltaka er høg. Kvart år er det til saman i begge sokna 15 – 20 dåp, 25 – 30 konfirmantar, 25 - 35 gravferder og 6 – 8 vigsler.
Soknepresten tek del i beredskapen for Hardanger og Voss prosti og har nokre tenester i Voss sokn etter fordeling av tenesteveker og tek del i stabsmøter på Voss.
Hardanger og Voss prosti består av 7 komunar og strekkjer seg frå Vaksdal i nord til Røldal i sør. Prosten leier prestetenesta med 16 prestar og kallar jamleg inn til prostikonvent for fagleg utvikling, åndeleg felleskap og lagbygging.
Skriftspråket er nynorsk.
Opplysingar kan verte offentleg sjølv om søkjar ber om å bli unnateken offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Søknad med CV, vitnemål og referansar sendast elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- gudstenester og kyrkjelege handlingar
- konfirmatnundervisning
- trusopplæring
- samarbeid med skulane
- jamlege andakter på institusjonar i sokna
- medlem i sokneråd
- beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
Personlege eigenskapar
- ønskje om å byggje kyrkjelyden i lag med stab og råd
- evne til å motivera og samarbeida med friviljuge slik at aktivitet og gode møteplassar vert skapte
- fleksibel og god på struktur, målretta arbeid og administrasjon
- trivst i folkekyrkja og evner å finna språk og former som kommuniserer den kristne bodskapen i vår tid
- glad i å formidla og trivs som liturg
- evne og vilje til samarbeid
Vi tilbyr
- stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- pensjonsinnskott i Statens pensjonskasse
- reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
- arbeidsvegleiing (ABV)
- hjelp til å skaffa bustad viss ynskjeleg
Kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, personalsjef, 996 25 480Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss prosti, 90699533
Arbeidsstad
Almenningen 15730 Ulvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Den norske kirkeReferansenr.:4565794101
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Adresse
Storøyni 6, 5730 Ulvik
Om stillingen
Stillingstittel
Sokneprest i Voss og Hardanger prosti - sokna Ulvik og Granvin
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sist endret: 14. november 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: 2ff1c1d2f1d444b29668cccac85485e8
Stillingsnummer: 0701e856-b1ef-4b29-b932-70491bdc0bca