100% stilling som ingeniør innanfor geodata/oppmåling
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein dyktig ingeniør i 100% fast stilling.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga ligg til verksemd for byggesak og kart/oppmåling i Ullensvang kommune. Verksemda i dag har omlag 10 tilsette, der to av desse er oppmålingsingeniørar. Kommunen har kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik.
I stillinga vil du vere sentral i høve til kommunen sitt arbeid med geodata. Ajourføring, forbedring og utvikling av kartdatabasane er sentrale arbeidsoppgåver, men du vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil samarbeide med byggesakshandsamarar, samfunnsplanleggarar, landbruksrådgjevarar, samt kommunen si vass- og avløpsteneste.
I stillinga ligg det òg oppmåling- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.
Kvalifikasjonar:
-
Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå (relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning)
-
Kunnskap/erfaring innan GIS, bruk av geodata og landmåling
-
Kjennskap til plan- og bygningslova og matrikkellova
-
Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg
-
God IKT-kompetanse
-
Bilsertifikat
Eigenskapar:
-
Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen
-
Evne til å arbeide systematisk
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, samt personlege eigenskapar vert vektlagt
Me kan tilby:
-
Fast 100% stilling
-
Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
-
Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
-
Lønn etter avtale
-
Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Siv M. Sekse, Mobil +47 97558605, Epost: siv.m.sekse@ullensvang.kommune.no
Om bedriften
- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?