Fagarbeidarar ved Gnisten
Me søkjer:
Fagarbeidarar,faste stillingar v/Vaktmeisterteamet Gnisten.
Det er ledig totalt 150% stilling. Stillingane er ledige frå 01.07.20. Tiltreding samme dato.
Hovudarbeidsoppgåver
Dagaktivitet for menneske innan rus/psykiatri og for dei som treng arbeidstrening i samarbeid med nav. Variert arbeidsdag med mykje utearbeid/grovarbeid. Vask av kommunale bilar, vedhogst, vedlikehald, hagearbeid m.m i tett samarbeid med brukarar og andre tilsette.
Kvalifikasjoner
Me søkjer deg som har:
- Erfaring i frå arbeid med rus og psykiatri
- Personleg dugleik
- Gode samarbeidsevner
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv og lærevillig i henhold til ny kunnskap
- Lojalitet til arbeidsgjevar gjennom haldningar og handlingar
Andre opplysninger
Gnisten - Vindafjord arbeids og aktivitetssenter har tre avdelingar der vaktmeisterteamet er ein av dei. Dette er eit tilbod til menneske med utfordingar innan rus/psykiatri, samt menneske som treng arbeidstrening i samarbeid med Nav.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.