Førstekonsulent/rådgjevar
Org. nr: - Stillingsident: 4230291132 Presentasjon av stillingen:
Stad kommune har ledig 100 % fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i eining for plan og forvaltning. Stillinga er ledig frå 01.08.2020.
Eininga inngår i kommunalområdet areal og eigedom og har ansvar for oppgåver knytte til reguleringsplan, byggesak, kart og oppmåling mm. Eininga er også involvert i oppgåver knytte til landbruk og miljø, og utfører arbeid for Landbrukskontoret i Gloppen og Stad (vertskommunesamarbeid). Eininga har 9 tilsette, to av desse har kontorstad i Selje.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver etter plan- og bygningslova, inkludert planarbeid og saksbehandling
- Anna utgreiings- og utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå høgskule eller universitet som til dømes arkitekt, jurist, samfunnsvitar eller planleggjar
- Innsikt i plan- og bygningslova er ein fordel
- Gjerne erfaring frå planarbeid og kunnskap om bruk av GIS
- Interesse for stadutvikling, arkitektur, bukvalitet, natur og miljø
- Gjerne erfaring frå prosjektbasert arbeid
- Må kunne kommunisere svært godt både skriftleg og munnleg på norsk
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, systematisk og pedagogisk
- Du er løysingsorientert og har god heilskapsforståing
- Du er serviceinnstilt og samarbeider godt med andre
- Du kan kommunisere godt med mange ulike menneske både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og arbeidsattestar saman med søknaden. Du må oppgje referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med kommunalsjef Elin Leikanger eller fagleiar Roar Sætre.
Kontaktinformasjon
Roar Sætre, fagleiar plan og forvaltning, 488 87 148
Elin Leikanger, kommunalsjef areal og eigedom, 97438263
Arbeidsstad
Rådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stad kommune
Referansenr.:4230291132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2020
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 500 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad og Bryggja vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit spanande næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!