Helsefagarbeidar (fast)
Fast 75% stilling i heimesjukepleia ledig frå snarast. Søknadsfrist: 18. mars 2020. Heimesjukepleia i Lesja har base på Lesja helsehus der første byggetrinn var ferdig i des 2019 og andre byggetrinn blir ferdig hausten 2020.
I tillegg til sjukeheim, er også fysio- og ergoterapi i helsehuset. Frå hausten 2020, flytter også legekontor, helsestasjon og psykisk helse til helsehuset.
Stillinga har arbeid kvar 3.helg, 3-delt turnus dag / kveld / natt.
Kompetansekrav:
Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Det er ønskeleg med relevant praksis.
Bil: Heimesjukepleia disponerer kommunale leigebilar. Den som blir tilsett, må ha førarkort for personbil og må i somme høve kunne disponere privatbil.
Lønn (rekna ut frå 100% st): Kr 350.800-450.000, avhengig av utdanning og ansiennitet.
Nærare info: Leiar for heimebaserte tenester, Marit Nyløkken, tlf 917 66 711, eller avd.sjukepleiar Ellen Hagestande, tlf 481 89 041
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 18.03.2020
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Oversikt over utdanning og praksis skal framgå av søknaden. Det gjeld også evt interne søkjarar.
Dersom fast tilsett søkjer utvida stilling (jf HTA §2.3) og fyller kompetansekravet, vil vi bruke same søkjarmasse for å dekke opp evt mindre stilling som måtte bli ledig.
Politiattest (begrensa) skal leggast fram før oppstart i stillinga, jf Helse- og omsorgstenesteloven §5-4.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2020/158
ID: 508
Dato: 14.02.2020