Nattevakt på Vossestrand Omsorgstun
Me treng engasjerte og dyktige medarbeidarar hjå oss. Me har samorganisert teneste med sjukeheim, omsorgsbustader og heimetenester. Du får ein variert og spennande arbeidskvardag.
Om arbeidsstaden
På Vossestrand Omsorgstun er det 25 pasientar fordelt på 3 avdelingar. Me har dagavdeling for heimebuande i Vossestrand området. Heimetenestene på Vossestrand har base på Omsorgstunet og personalet arbeidar ofte både på institusjonen og i heimetenestene.
Me søkjer deg som
er sjukepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar
er fleksibel
kan takle nye utfordringar
har kunnskap og lyst å arbeida med eldre og personar med hjelpebehov
har godt humør
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Me tilbyr
turnus med arbeid 3.kvar helg
ein flott og tidsmessig institusjon
dyktige kollega
god opplæring og høve til fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
ein trygg og god arbeidsstad
høve til å påverka din eigen arbeidskvardag og turnus
ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for faglig- og personleg utvikling
mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
særdeles gode forsikrings- og pensjonsordningar
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju.
Om bedriften
Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.