Embete som jordskiftedommar ved Sunnmøre jordskifterett, Romsdal jordskifterett og Nordmøre jordskifterett
Stillingsannonsen er inaktiv.Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Strandgt 5 A, 6150 Ørsta
Jobbnorge ID: 192302
Om stillinga
Det er ledig eit embete som felles jordskiftedommar ved Sunnmøre jordskifterett, Romsdal jordskifterett og Nordmøre jordskifterett.
Sunnmøre jordskifterett omfattar kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Volda og Fjord. Domstolen har kontorstad i Ørsta, og det er for tida seks tilsette.
Romsdal jordskifterett omfattar kommunane Averøy, Aukra, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Molde, Rauma, og Vestnes. Domstolen har fem tilsette med kontorstad på Fylkeshuset i Molde..
Nordmøre jordskifterett omfattar kommunane Surnadal, Rindal, Tingvoll, Smøla, Aure og Sunndal. Domstolen har kontorstad på Skei i Surnadal og det er for tida fem tilsette.
Kontorstad er i utgangspunktet Ørsta, eventuelt Molde eller Surnadal. Søkjar kan velje mellom desse tre kontorstadane. Hovudtyngda av arbeidsoppgåvene vil være i tilknyting til Sunnmøre jordskifterett. Det må påreknas ein god del reising. Kontorstad for stillinga avtalast med Domstoladministrasjonen. Tiltreding etter nærare avtale.
Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet. Informasjon om jordskiftedommarar finnes på www.domstol.no/jordskifterettene.
For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Strukturen og organisering av domstolane er til vurdering. Endra struktur og omorganisering kan medføre m.a. flytting av kontorstad.
Kvalifikasjonskrav
For stillinga blir det kravd jordskiftefagleg utdanning på mastergradnivå med fagkrins fastsett av departementet. Det er ynskjeleg med brei yrkes- og livserfaring. God skriftleg og munnleg framstillingsevne, analytisk evne, god menneskekunnskap og gode samarbeidsevner vil også bli vektlagt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at kandidaten har evne til å vidareutvikle jordskifteretten i tråd med krav og forventningar som brukarane har.
Vi tilbyr
- eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
- eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
- moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Lønn etter Statens regulativ, jordskiftedommar kode 0455. Årleg lønn er for tida kr 872 600,-.
Frå lønna blir det trekt 2 % innskott til Statens pensjonskasse.
Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Søkjaren må ha førarkort for bil. Jordskifteretten er tilslutta ein felles bilordning. Av og til kan det være naudsynt å stille med eigen bil
Spørsmål om stillinga
- Nordmøre jordskifterett/Sunnmøre jordskifterett v/jordskifterettsleiar Liv Røkkum Grimsmo, tlf. 71 49 15 60.
- Romsdal jordskifterett v/jordskifterettsleiar Anne Kari Melbø, tlf. 70 33 37 50.
- Innstillingsrådet for dommere v/sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00.
- Domstoladministrasjonen v/avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00.
Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på "Søk stillingen". Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eit vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.
Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.
Søknadsfrist: 28. september 2020
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Adresse
Dronningens gate 2, 7011 Trondheim
Hjemmeside
Jordskifteretten er ein særdomstol som arbeidar med saker heimla i jordskiftelova. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedommar, samarbeidstiltak mellom eigedommar, klarlegging og fastsetting av eigedoms- og bruksrettsgrenser, andre rettstilhøve som gjeld fast eigedom, ulike skjønn m.m. Landet er delt inn i 34 jordskiftesokn med til saman om lag 230 tilsette.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Innstillingsrådet for dommarar avgjer innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemning skjer.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 29. september 2020
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 192302_Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger_jobbnorge
Stillingsnummer: 064e5445-5b4c-4d60-af6b-ae4babc95bee