Sjukepleiar
Vinje sjukeheim har ledig stilling som sjukepleiar, natt/nattpatrulje. 43,44% fast stilling, turnus med arbeid kvar 3. helg. Ledig frå snarast - ID 1778.
Søknadsfrist: 28.08.20
Nattpatrulja har base i Åmot, Vinje sjukeheim. Arbeid på natt krev at du har sertifikat. Kommunen held bil i tenesta. Oppdrag er primært i Åmot distrikt, i særlege høve, og etter avtale kan det og vere aktuelt med oppdrag utanfor dette området.
Sjukeheimen i Åmot har 41 plassar fordela på desse funksjonane: 2 kommunale Øyeblikkelege hjelp-plasser, korttidsavdeling med 7 plassar, 13 plassar for demente og 19 plassar i somatisk sjukeheimsavdeling.
Vi søkjer deg som har:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Fordel med erfaring frå arbeid på natt
- Gode norskkunnskap både skriftleg og munnleg, nivå 3
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Førarkort klasse B
Turnus over 6 veker med arbeid kvar 3.helg.
Løn jf lokal stige frå kr 449300,- til kr 555000,- avhengig av ansiennitet
Ved interne omrokkeringar blir det tilsett i desse stillingane samstundes.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Tove O. Hansen: tove.opsalhagen.hansen@vinje.kommune.no.