Sjukepleiestudent? Hos oss får du jobb og stipend
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Fonna HF - Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, 5416 Stord
Org. nr: - Stillingsident: 4337117544 Presentasjon av stillingen:
Er du 3. års sjukepleiarstudent kan du inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 15 000 (skattepliktig). Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader. Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 7 helger til medio august 2021, samt 5 veker sommaren 2021. To av dei 7 helgene skal inngå i sommarperioden.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida.
Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande, så søk tidleg.
Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Arbeidsoppgåver
- Delta i behandling og pleie av pasientar
- Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
- Arbeidsoppgåver i kirurgisk, medisinsk eller psykiatrisk eining.
Kvalifikasjonar
- Du må kunne dokumentere at du er 3.års sjukepleiarstudent
- Tilfredsstillande kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Du må få autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2021
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
- Du får eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
- Du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleder pleie, 53491110, trude.digernes@helse-fonna.no
Britt Johanne Rikstad Myklevoll, Seksjonsleiar, 53491029, britt.johanne.rikstad.myklevoll@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64, 5416 Stord
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4337117544
Stillingsprosent: 20%
Søknadsfrist: 28.02.2021
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF - Stord sjukehus
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 28. februar 2021
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4337117544_Helse Fonna HF - Stord sjukehus_webcruiter
Stillingsnummer: 05e99df8-206d-41a8-9886-d9d4d1eb824b