Styrar
Skavøypoll barnehage
Nordfjordvegen 9201, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Styrar Skavøypoll barnehage
Oppstart
1. februar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. desember
Kinn kommune har ledig 100% fast stilling som styrar/tenesteleiar ved Skavøypoll barnehage. Stillinga er ledig frå 01.02.2025. Styrar sin næraste leiar er kommunalsjef for oppvekst og undervisning.
Skavøypoll barnehage ligg i Deknepollen/Tennebø, og har Skavøypoll skule som næraste nabo. Barnehagebygget er utforma med avdelingar tilpassa aldersgruppa 0-2 år og aldersgruppa 3-5 år. Barnehagen har også barnehagebuss og utegruppe i lavvo, og har tilgang til eit naturrikt nærmiljø som er godt lagt tilrette for ulike aktivitetar.
Barnehagen har barnehagelærarar med god utdanning, er teamorganisert og jobbar i profesjonsfaglege læringsfellesskap i fellestid og plantid til beste for barn si utvikling og læring. Barnehagen deltek i Kinn kommune sin kompetansesatsing på inkluderande praksis gjennom fellesskapande leik og aktivitet.
Hausten 2024 har barnehagen ca 70 barn i aldersgruppa 1-5 år, og ca 18 årsverk.
Barnehagen har utarbeidd eigne planer som dannar grunnlag for arbeidet med utvikling, leik og læring i eit inkluderande felleskap.
Arbeidsoppgåver
Styrar har som tenesteleiar pedagogisk, administrativt og økonomisk ansvar innanfor tildelte rammer, og personalansvar for barnehagen sine tilsette.
Som styrar skal du:
- Utføre arbeidsoppgåvene slik dei er nedfelt i kommunen sine styringsdokument, og såleis bidra til å nå mål og delmål.
- Sikre god styring av eininga gjennom effektiv bruk og forvaltning av tildelte økonomiske ressursar i samsvar med budsjett og økonomireglement.
- Leggje til rette for gode utviklings- og læringsprosessar i barnehagen, der ein set profesjonsutvikling og eit trygt og inkluderande barnehagemiljø i sentrum.
- Spele medarbeidarane gode gjennom tydeleg og inkluderande leiarskap.
- Vere ansvarleg for at barnehagen sitt samfunnsmandat vert utført i samsvar med lov og regelverk og å etablere eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.
- Arbeide målretta med å inkludere barn, føresette, tilsette og tillitsvalde i barnehagen sine utviklings- og avgjerdsprosessar.
Styrar deltek og bidreg i nettverk med andre barnehage- og skuleleiarar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med:
- Godkjent utdanning for tilsetting og leiing av barnehagen.
- Tilleggsutdanning innanfor administrasjon og leiing, som styrarutdanning eller liknande.
- Erfaring frå pedagogisk arbeid i barnehage.
- Leiarerfaring innanfor barnehageområdet.
- God økonomiforståing og kjennskap til lov- og avtaleverk.
- God forvaltningskompetanse.
- Erfaring frå å leie barnehagebasert utviklingsarbeid.
- God IKT-kompetanse og erfaring i bruk av IKT som verkty i arbeidet som barnehageleiar.
- God kommunikasjonsevne på norsk; skriftleg og munnleg.
- God kommunikasjonsevne på engelsk; skriftleg og munnleg.
- Kjennskap til, og forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein:
- Samlande og tydeleg leiar med samfunnsengasjement og visjonar for barnehagen si utvikling og eigenart.
- Lagbyggjar som kommuniserer og samhandlar godt med barn og voksne, og som nyttar og inkluderer mangfaldet i miljøet på ein utviklande måte.
- Som har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
- Som er fagleg oppdatert og opptatt av barn si utvikling og læring, og er ein pådrivar for å utvikle barnehagen etter barnehagens, kommunens og nasjonale mål.
- Som har blikk for barnehagen si rolle lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
- Som er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medverknad, tek avgjersle og har gjennomføringskraft.
- Som har god systemforståing, god kjennskap til barnehagen sine styringsdokument/ -verkty, samt HMS-arbeid.
- Som har gode samarbeidsevne, og er ein aktiv bidragsytar i barnehagemiljøet og i barnehage- og rektorkollegiet.
Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Vi ønskjer at søkjar gjev uttrykk for eigne tankar om leiarrolla i søknaden.
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande stilling i ei kystkommune med tilgang til variert kultur- og naturopplevingar.
Fagleg leiarfellesskap saman med 13 styrarar og 10 rektorer.
Hyggeleg arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjerte kollegaer.
Støtteapparat på kommunalt nivå.
Gode pensjons- og forsikringsordninger.
Løn etter avtale.
Arbeidstakar vert tilsett i Kinn kommune etter gjeldende lover, reglement og tariffavtaler, inkludert pliktig medlemskap i pensjonskasse (KLP).
Prøvetida er 6 månader.
Stillinga er unntatt arbeidstidsbestemmelser iht. arbeidsmiljølova § 10-12. Som kompensasjon for dette har tenesteleiar 7 fridager pr år, iht. Hovedtariffavtalens § 6.3. Kompensasjonen kan alternativt tas i tilsvarende antall dagløner.
Tilsetting føreset fremlegging av godkjent politiattest som ikkje er eldre enn 3 måneder. Tuberkuloseattest i henhold til forskrift.
Offentleg søkjarliste
Opplysningar om søkjaren kan bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om å bli unntatt offentlegheit. Kinn kommune vil varsle søkjarar som har bedt om unntak fra offentlegheit, dersom dette ikke kan imøtekommast (offentlighetslovens §25). Det vil gå fram av den offentlege søkjarlista kor mange søkjarar det er til stillinga og kva for kjønn søkjarane har.
Kontaktinformasjon
Runa Nybakk, Kommunalsjef for oppvekst og undervisning, +47 48282533Arbeidsstad
Nordfjordvegen 92016718 Deknepollen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4885043811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Runa Nybakk
Kommunalsjef for oppvekst og undervisning
+47 48282533
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794795
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4b35052d43b4c309ed23c389c2d9018