Helsefagarbeidar
Sveio omsorgssenter er eit moderne bygg opna i 2010 med flott utsikt over Sveio sentrum. Omsorgssenteret ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nye tilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivst og føler deg trygg i avdelingane. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 42 plassar. Me har ledig to 100 % stillingar som helsefagarbeidar. Ei stilling er klar for tiltreding og den andre stillinga er ledig frå 01.03.2023.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
Det er varierte oppgåver og stor variasjon i behandling til gruppa med gir tenester til. Mange spennande faglege utfordringar knytt til samhandlingsreforma. Me nyttar CosDoc som elektronisk journalsystem. Me er kobla opp mot Helsenett og elektronisk kommunikasjon med fastleger og spesialisthelsetenesta. Me bruker multidosesystem i forhold til medisinering.Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Personlege eigenskapar
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Initiativrik
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar (framtidige kollegaer).
Vi tilbyr
- Etisk refleksjon i grupper
- Årsturnus
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, Einingsleiar Sveio omsorgsenter, 951 54 037Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommuneReferansenr.:4581944921
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2022