Undervisningsstillingar - Søfteland barneskule
Ved Søfteland barneskule er det ledige undervisningsstillingar frå 1. august 2020. Det er både faste stillingar og vikariat i ulike storleikar.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Skuleutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Søfteland barneskule ligg like ved riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå Bergen. Vi har 220 elevar og 35 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Søfteland i pluss". Les gjerne meir om skulen på heimesida: softeland.skule.no
Satsingsområda våre er fagfornying, grunnleggjande ferdigheiter, inkluderande læringsmiljø, elevaktiv læring og livsmeistring for alle.
Arbeidsoppgåver
-
Kontaktlærar kan bli aktuelt
-
Undervisning i fleire fag på ulike årssteg
-
Skape eit trygt og godt læringsmiljø saman med elevane
-
Legge til rette for eit godt samarbeid med dei føresette
-
Vere delaktiv i skulen sitt utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera NOKUT godkjent.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn.
Vi treng lærarar med kompetanse og erfaring frå småskuletrinnet. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring i norsk.
I tillegg vil det vera ønskjeleg med digitale ferdigheiter (spesielt koding), praktisk estetiske fag og kompetanse innan spesialpedagogikk.
Skulen treng pedagogar som er tydelege og engasjerte rollemodellar og klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar, godt humør og som bidreg til å oppretthalda eit godt arbeidsmiljø.
Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.