Sjukepleiar ved nattpatruljen
Innafor tenesteområdet helse og sosial, i nattpatruljen, er følgjande stilling ledig for sjukepleiar:
40 % stilling med arbeid kvar tredje helg. Stillinga er eit vikariat i perioden 1.9.19 - 1.9.20, med moglegheit for forlenging.
Nattpatruljen har heile kommunen som sitt ansvarsområde, og hjelper dei som bur i eigen heim. Det er fleire nattevakter på jobb kvar natt. Arbeidet gjer ein stundom i lag med andre og andre gonger åleine.
Me søker deg som:
- er utdanna sjukepleiar med norsk autorisasjon
- har førerkort klasse B
- har gode norskkunnkaper, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide sjølvstendig og målretta, og trivs med arbeid på natt
- kan forhalde deg til vedtak og tildelt tid, samstundes som du kan ta faglege vurderingar om situasjonen krev det
- er positiv til andre, glad i å arbeida, og vektlegg å samarbeida godt med andre
- har eit personleg engasjement for brukergruppa, og som ynskjer å arbeide med heimetenester
- liker å arbeide i eit skiftande tempo, og tilpassa arbeidsmåten etter det
Me tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med god dekning av fagutdanna personale
- moglegheit for fagleg utvikling
- gode ordningar for vidareutdanning og kompetansehevande tiltak
- variert brukergruppe og stor variasjon i arbeidsoppgåver
- arbeid i ei teneste som er under stor utvikling, og som har spennande tider føre seg
Nærare opplysingar kan du få ved å kontakte leiar Jonas Egeland Reime, tlf 415 32 785.
Attester og vitnemål tas med på intervju.
Politiattest
Politiattest nyare enn 3 månader må leverast før tiltreding i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.
Søknad kan sendast
Hå kommune oppfordrar alle til søkja elektronisk på web www.ha.no/stilling. Ta kontakt med lonn@ha.kommune.no dersom du har problem med innlogginga.
Om bedriften
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutt med tog frå Stavanger. Kommunen har 18 500 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finn ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdiar er Open, Driftig og Stolt. Me ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!