Ysst HMS søkjer dagleg leiar
Vil du leie utviklinga av framtidas bedriftshelseteneste i Sunnhordland? Vi har ambisjonar om å vekse og styrke vår posisjon enno meir dei neste åra. Til å leie dette arbeidet søkjer vi etter ein dagleg leiar som har eit ønskje om å utvikle Ysst HMS vidare.
Som dagleg leiar i Ysst HMS vil du få eit overordna ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i ei lokalt forankra verksemd med høg fagleg kompetanse og omlag 150 medlemsbedrifter. Du vil rapportere til styreleiar.
Vi leitar etter deg som har god leiarerfaring. Du ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar, og evnar å byggje lag og gode relasjonar.
Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, 411 02 200, jth@hamnoy.no
Marita Eltvik Hansen, Research & analyse, 909 31 870, meh@hamnoy.no
5430 BREMNES
Referansenr.:4581130957
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2022
Som dagleg leiar i Ysst HMS vil du få eit overordna ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i ei lokalt forankra verksemd med høg fagleg kompetanse og omlag 150 medlemsbedrifter. Du vil rapportere til styreleiar.
Vi leitar etter deg som har god leiarerfaring. Du ønskjer å vere ein tydeleg, inspirerande og synleg leiar, og evnar å byggje lag og gode relasjonar.
ANSVAR OG OPPGÅVER:
- Overordna og heilskapleg leiar- og resultatansvar
- Gå føre som eit godt eksempel i det daglege arbeidet
- Leie og støtte eit team med kompetente medarbeidarar
- Ansvar for økonomi (budsjett, rekneskap og prognose)
- Forretningsutvikling og strategiarbeid
- Relasjonsbygging og kundeoppfølging
- Rapportering til styret
YNSKJELEGE KVALIFIKASJONAR:
- Høgare relevant utdanning er ein fordel
- God erfaring som leiar og relevant arbeidserfaring
- Har forståing for dei ulike fagområda til Ysst HMS
- God økonomi- og forretningsforståing
- Har kjennskap til lokalt næringsliv og relevant nettverk i regionen
- Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg
ME SØKJER DEG SOM:
- Er oppteken av resultat og kvalitet
- Har ein involverande og inkluderande leiarstil
- Kan leie, løfte og samle personalressursane
- Er ein klar og tydeleg leiar som evner å skape entusiasme
- Har gode evner til kontaktskaping og samarbeid med andre
ME TILBYR:
- Interessante og allsidige leiaroppgåver i ein solid og trygt forankra aktør som leverer strategisk viktige tenester
- Dyktige og engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse
- Konkurransedyktig løn og gode forsikrings- og pensjonsordningar
For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartnar HAMNØY AS ved rågjevar Cathrine Vikse Johnsen, tlf. 976 09 098, eller rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200, eller researchar Marita Eltvik Hansen, tlf. 909 31 870.
Vis interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også ovanfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.
Søknadsfrist: 30. november 2022 – søknadar vert vurderte fortløpande.
Tiltreding etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Cathrine Vikse Johnsen, Rådgiver, 976 09 098, cvj@hamnoy.noJan Tore Hamnøy, Rådgiver, 411 02 200, jth@hamnoy.no
Marita Eltvik Hansen, Research & analyse, 909 31 870, meh@hamnoy.no
Arbeidssted
Hollundsdalen 115430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Ysst HMSReferansenr.:4581130957
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2022
Om bedriften
Ysst HMS er ei godkjend bedriftshelseteneste med lange tradisjonar som er lokalisert i Hollundsdalen på Bømlo, og har lokalkontor på Stord i Bytunet på Leirvik. Bedriftshelsetenesta dekkjer bedrifter i alle storleikar, i alle bransjar, og har medlemmar på Bømlo, Stord, Tysnes, Sveio, Fitjar og Kvinnherad. Der våre medlemsbedrifter har tilsette andre stader i landet, samarbeider me med lokale bedriftshelsetenester. Me har som mål å vera ”best på motiverte bedrifter” gjennom eit heilskapleg fokus på mennesket. Ysst HMS vart etablert under namnet Bømlo Bedriftshelseteneste i 1987 som ei fellesordning av og for bedrifter på Bømlo. Bømlo Bedriftshelseteneste endra i 2003 namn til HMS senter Bømlo, og hausten 2013 vart vi Ysst HMS. For meir informasjon, sjå ysst.no