Høgskulelektor i mediedesign - st. nr. 16/2019
Jobbnorge ID: 167206
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, Institutt for kommunikasjon, er det ledig fast 100 % stilling som høgskulelektor frå 1.8.2019. Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorstudia i Mediedesign og PR, kommunikasjon og media.
Kvalifikasjonar
Stillinga skal dekke undervisning og fagleg utviklingsarbeid innanfor mediedesign i profesjonsstudia på bachelornivå og på Master in Media Practices. Søkjarar må ha relevant utdanning på minimum mastergradsnivå, pedagogisk utdanning eller undervisningserfaring frå vidaregåande skule og/eller høgskule/universitet og kunne undervise på norsk og engelsk.
Vi ser etter deg som:
. har jobba som grafisk designar og/eller webdesigner og brenn for utviklinga på fagfeltet
. har allsidig erfaring med relevant programvare
. har hovudfag eller mastergrad i relevante fag
. har pedagogisk kompetanse og er interessert i å utvikle og formidle faginnhald og rettleie studentar i praktisk arbeid
I tillegg legg vi vekt på følgjande:
. at du er nysgjerrig, innovativ og trivst med å tileigne deg ny kunnskap om eit fagfelt i stadig fornying
. at du har ei reflektert og bevisst haldning til eige undervisnings- og rettleiingsarbeid, og at du har evne til å engasjere studentane både i undervisning og rettleiing.
. at du kan legge til rette for varierte undervisningsformer og kunne nytte digitale verkty i planlegging og undervisning.
. at du har gode gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også kunne ta intiativ til kunnskapsdeling og samarbeid med kollegaer, bransje og studentar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Søkjarar som i tillegg til dei andre kvalifikasjonane også har doktorgrad eller tilsvarande kan søkje om tilsetjing som førstelektor eller førsteamanuensis.
For søkjar utan formell kompetanse som høgskulelektor kan det vere høve for mellombels tilsetjing som høgskulelærar og tilrettelagt kvalifiseringsløp.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 frå kr 565 500 - 713 400/
høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 - 619 300.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- master-/hovudfagsoppgåve og eventuelle andre vitskapelege arbeid
Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006, med endringar 15.9.2015. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.
Søknadsfrist: 8. april 2019
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, tlf. 70 07 52 75 eller instituttleiar Lars Julius Halvorsen, telefon 70075215.
Om avdelinga
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagsmiljø med om lag 50 tilsette og 520 studentar. Vi tilbyr seks bachelorutdanningar i mediefag, ein mastergrad og vidareutdanning i digital kompetanse i læring.
Avdeling for mediefag planlegg å flytte inn i nytt mediebygg i 2021.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.