Osterøy kommune søkjer fagkoordinator i 100% fast stilling frå 12.08.2019
Kort om stillinga
Då ei av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon, søkjer Osterøy kommune etter fagkoordinator i 100% stilling ved Osterøytunet. Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar. Kvar avdeling har 3 grupper. Stillinga er plassert i 2.etg, ei avdeling for somatikk/rehabilitering/korttid. Fagkoordinator vil vere med å utvikle ei moderne og spanande institusjonsteneste for framtida. Som medlem av Kunnskapskommunen (samarbeidsprosjekt med Bergen og omegn)vil me i åra som kjem ha eit auka fokus på velferdsteknologi, pasienttryggleik og kunnskapsbasert praksis. Me har særleg fokus på ernæring og aktivitet. Som fagkoordinator skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer.
Arbeidsoppgåver
-
arbeid kvar 3.helg som områdesjukepleiar ved sjukeheimen, resten dagarbeid, 35,5 t/veke
-
fagutvikling i samarbeid med fagkoordinator i 1.etg og leiarar
-
vere pådrivar for at dokumentasjon i fagsystemet CosDoc blir følgt opp
-
støtte, rettleie og koordinere personalet i daglege oppgåver
-
delta i det daglege arbeidet ved gruppene
-
tett samarbeid med avdelingsleiar for å sikre dagleg drift
-
koordinere elevar/studentar saman med merkantil og fagkoordinator i 1.etg
Kompetanse
Me søkjer etter personar med
-bachelor i sjukepleie, minst 5 års erfaring som sjukepleiar i relevant praksis (krav)
-relevant vidareutdanning (krav)
-gode norskkunnskapar i munnleg og skriftleg (krav)
-gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
Du
-
har godt humør, er fleksibel og påliteleg
-
har gode samarbeidsevner
-
har fokus på å støtte, motivere og inspirere kompetente medarbeidarar
-
har fokus på fagutvikling og rekflekjson
-
har eit positivt menneskesyn
Vi tilbyr
God opplæring
Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
Lønn etter tariff + funksjonstillegg
Anna
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 mnd prøvetid ved ansettelse.
Søknad
Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.
Kontaktperson
Åse Vevle, Einingsleiar, tlf: 56192501, mobil: 91394014, ase.vevle@osteroy.kommune.no
Rita Tvedt Hellevang, tlf: 56192503, mobil: 94512953, rita.hellevang@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyane i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og er passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Organisasjonen Osterøy kommue er organisert i ein 3 nivåmodell, med Rådmann, Sektorleiinga og Einingsleiinga.