Avdelingsleiar til ungdomsavdelinga ved NAV Årstad - NAV
NAV Vestland, region Bergen, har ledig fast stilling som avdelingsleiar for ungdomsavdelinga ved NAV Årstad.
NAV Årstad er bydelskontor for ein bydel i Bergen med kring 40.000 innbyggarar. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Eininga har rundt 180 tilsette, der om lag 70 er statleg tilsette. NAV Årstad arbeider etter prinsippa om kontinuerleg forbetring for å gje innbyggjarar og arbeidsliv gode tenester.
Frå hausten 2015 etablerte NAV Årstad eit ungdomsteam for å gje eit styrka tenestetilbod til innbyggjarar under 30 år. Alle statlege tenester og eit utstrekt tverrfagleg samarbeid skal ivaretakast av ungdomsavdelinga, ei heilskapleg og kompetansekrevjande teneste. Frå 2019 ynskjer vi å etablere teamet som i eiga avdeling med pr. d.d. 13 medarbeidarar. Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg over tid.
Avdelingsleiar inngår i kontoret si leiargruppe og rapporterer direkte til avdelingsdirektør.
Arbeidsoppgåver
- Personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- Leiing, drift og utvikling av tenester for innbyggjarar under 30 år etter prinsippa om kontinuerleg forbetring
- Vidareutvikle kultur for læring, refleksjon og forbetring
- Aktiv medspelar i kontorets leiarteam og bidra til heilskapleg løysningar i kontoret
- Resultat- og rapporteringsansvar for ungdomsavdelinga
- Utstrekt kontakt med arbeidsgjevarar og samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Minst 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet. Særleg relevant erfaring kan kompensere noko frå utdanningskravet
- Arbeidserfaring relevant for avdelinga sitt ansvarsområde da stillinga fordrar solid fagleg kompetanse
- Kunne utvikle og levere tenester i samsvar med NAV sitt samfunnsoppdrag og resultatkrav
- God kompetanse i bruk av IKT-verktøy
Personlege Eigenskapar
- Fremje gode tenester med høge mål og god kvalitet
- Samarbeide internt og eksternt med stor iver og godt humør
- Meistre endring og omstilling i ein kompleks organisasjon
- Vere ein tydeleg, open og inkluderande leiar
- Evne til å leie, motivere og utvikle medarbeidarar og kunne vise til resultat og måloppnåing
- Inneha integritet og samfunnsengasjement
- Held orden og jobbar systematisk med stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Eit engasjert og triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Leiarutviklingsprogram
- Statleg tilsetting i løn frå 576 100 til 607 700,-
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna trekkast 2 %)
Kontaktinformasjon
Erna Marie Strømmen, Avdelingsleder, 473 86 284, erna.marie.strommen@nav.no
Abdikarim Mahammed Ali, Avdelingsleder, 92 69 28 75, Abdikarim.mahammed.ali@nav.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:NAV
Ref. nr.:3955534274
Stillingsbrøk: 100%%
Fast
Startdato: 01.03.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 06.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3955534274&company_id=2806502976&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
*Arbeids- og velferdsforvaltningen
Om bedriften
NAV leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver
Vi ynskjer ein arbeidsplass prega av mangfald, og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hjå oss. NAV er IA-verksemd og vi tilrettelegg arbeidsforholda om du har behov for dette.