Helsefagarbeidar 60 % fast
Org. nr: - Stillingsident: 4427960208 Presentasjon av stillingen:
Ved Barstadtun omsorgsbustadar for eldre er det ledig ei 60 % fast stilling for helsefagarbeidar. Stillinga har for tida todelt turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Turnusen er for tida primært ved bugruppa Solkroken som er eit tilrettelagt butilbod for personar med kognitiv svikt.
Arbeidsoppgåver
- Helse- og omsorgsoppgåver retta mot bebuarar i døgnbemanna omsorgsbustad
- Hjelpe bebuarane med ADL, til å vere aktive og bruke sine ressurser for å ha ein meiningsfull kvardag
- Observere, rapportere og dokumentere
- Primærkontaktansvar for nokre av bebuarane
- Praktiske oppgåver i avdelinga som å halde orden, bestille varer og liknande
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis fagbrev som helsefagarbeidar.
- Må beherske flytande norsk skriftleg og munnleg.
- Må kunne framvise tilfredsstillande politiattest nyare enn 3 mnd.
- Personar med relevant erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
Vi treng ein inspirert og dyktig medarbeidar som trivst med å jobbe med eldre og som kan gjere ein positiv forskjell i kvardagen for både medarbeidarar og brukarar! Du har gjerne eit blikk for detaljar og har evnen til å skape fest i kvardagen og lage gode stunder.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjon
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Høve til kompetanseutvikling
- Tilgang på elæringskurs frå Visma/ Veilederen og NHI
- Eit triveleg arbeidsmiljø ilag med ein fin og inkluderande gjeng!
Kontaktinformasjon
Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, 95770524, Astrid.dimmen@volda.kommune.no
Anita Kristiansen, Seksjonsleiar Barstadtun, 94142515, anita.kristiansen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 4
6102 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4427960208
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 01.11.2021
Søknadsfrist: 19.09.2021
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!