Sjukepleiar / helsefagarbeidar natt 39,92 % fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4244941929 Presentasjon av stillingen:
Vi har ledig 39,92% stilling på natt som sjukepleiar/helsefagarbeidar knytt til omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning for personar med psykisk utviklingshemming og funksjonsnedsettelser, Turnusarbeid, med arbeid for tida kvar 3 helg. Stillinga er ledig frå 15.august, evt før.
Arbeidsstad
Bu- og ReHabiliteringstenestene i Sykkylven er ei eining som gir tenester til personar med samansette behov. Eininga består av eit aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningsbustad, avlastningstiltak, støttekontaktar og rus- /psykiatriteneste. Eininga har ca. 60 årsverk.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad. Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Vitnemål, attestar og autorisasjon må leggast fram ved evt. intervju.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. helse- og omsorgtenestelova § 5-4.
Arbeidsoppgåver
- Ulike faglege oppgåver knytt til brukar sine behov
- Miljøarbeid
- Tverrfagleg samarbeide
- Delta på ulike møter knytt til arbeidsplass
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du er utdanna sjukepleiar eller har fagbrev som helsefagarbeidar. Anna relevant kompetanse vil verte vurdert
- Vi søkjer ein person som har erfaring frå miljøterapautisk arbeid ift utfordrende adferd
- Kjennskap til Kap 9, lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
Personlege eigenskapar
- Du er tolmodig og empatisk, og har stor respekt for brukarane sin situasjon
- Du er open for rettleiing og opptatt av fagleg utvikling
- Du likar å jobbe sjølvstendig og har samtidig evne til å samarbeide
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- løn etter avtale/tariff
- obligatorisk tenestepensjonsordning
- gunstige låneordningar
- gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Volker Wilhelm Rust, fagleiar, 46865387, volker.wilhelm.rust@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
klokkerhaugen
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4244941929
Stillingsprosent: 39,92%
Fast
Startdato: 15.08.2020
Søknadsfrist: 14.06.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.