Vil du ha ein lærerik jobb på sjukehuset og få stipend i tillegg?
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Fonna HF - Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Det er svært lærerikt å jobbe i sjukehus under studiet, og du tar med deg ei erfaring du ikkje finn andre stader.
Er du 3. års sjukepleiarstudent kan du frå hausten 2022 inngå avtale med Helse Fonna HF der du får eit stipend på kroner 20.000 (skattepliktig). Stipendet får du dersom du inngår kontrakt på å arbeide minimum 10 helger frå august 2022 til medio august 2023, samt 5 veker sommaren 2022. To av dei 10 helgene skal inngå i sommarperioden. Stipendet blir utbetalt i månadlege rater.
Skriv i søknaden kva avdeling du helst vil jobbe ved og kva praksisplassar du har hatt i løpet av studietida.
Kvalifiserte søkjarar blir tilsett fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Delta i behandling og pleie av pasientar
- Du vil vera ein del av det tverrfaglege teamet og arbeidsfellesskapet i einingane
- Arbeidsoppgåver i kirurgisk, medisinsk, psykiatrisk eining eller på rehabiliteringsposten
Kvalifikasjonar
- Du må kunne dokumentere at du er 3.års sjukepleiarstudent
- Tilfredsstillande kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Du må få autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2023
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du held roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Vi gir deg ein unik moglegheit til å praktisere faget ditt i eit trygt miljø der du er omgitt av dyktige fagpersonar døgnet rundt.
- Du får eit godt innblikk i spesialisthelsetenesta, noko som er nyttig uansett kor du vel å arbeide i framtida.
- Du får utvikle breidda i sjukepleiarfaget i eit spennande, utviklande og dynamisk miljø.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Trude Digernes, Funksjonsleiar, 53491110Anne Grete Solli, Funksjonsleiar, 91727832
Anne Marte Skålevik, Funksjonsleiar , 98625269
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4556832731
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Søknadsfrist: 31.12.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF - Stord Sjukehus
Adresse
Tysevegen 64, 5416 Stord
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Om stillingen
Stillingstittel
3. års sjukepleiestudent Stord
Antall stillinger
20
Heltid/deltid
Deltid
Sist endret: 1. februar 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 2efc67807c6a4c2eb6b10353e7838192
Stillingsnummer: 038dc0ea-8701-4af4-8c17-e0dadea9248b