Undervisningsstillingar - grunnskulen og vaksenopplæringa
Omtale av stillinga
Ivrar du etter å opna dører mot verda og framtida for born og unge? Ynskjer du å jobba på ein skule og i ein kommune
med fokus på kvalitet og utvikling? Kvinnherad kommune søkjer framtidsskaparar til lærarstillingar på barne- og
ungdomstrinnet og vaksenopplæringa skuleåret 2023/2024.
Det er behov for lærarar ved dei fleste skulane. Søkjar kan koma med ynskje om skule, men vil bli tilsett etter ei
totalvurdering av kompetansebehov ved dei ulike skulane. Under finn de tabell med kva dei ulike skulane har behov for og kven de kan ta kontakt med.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlærar/Faglærar/Spesialpedagog
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar.
Vera aktivt deltakande i skulen sine profesjonsfellesskap.
Sikra at elevane er del av eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
Kvalifikasjonar
Godkjend og relevant utdanning frå høgskule eller universitet – jf. opplæringslova § 10-1 og forskrift til opplæringslova kap. 14
Ha gode dugleikar i læringsleiing og klasseleiing
God digital kompetanse
Speialpedagogikk er ein fordel
Ungdomsskulane i kommunen har eit særleg behov for språkfag
Personlege eigenskaper
Tydeleg klasseleiar
Positiv, fleksibel og initiativrik
Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
Oppteken av skuleutvikling
Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø
Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Barneskular | Trinn | Fag | Storleik | Kontaktperson | |
Sunde | 1-4 | 30 sp fagfordyping eller meir i spes.ped. i tillegg til eit eller fleire av faga musikk, gym, engelsk. Gjerne med spisskompetanse i begynneropplæring norsk Fagfordjuping i IT | 100% 50% | Sindre Nyborg Tlf: 91 58 24 62 | |
Halsnøy | 1-4 | Basisfag | 80% |
| |
Undarheim | 1-7 1-7 5-7 5-7 | Matte, norsk, engelsk, spes.ped., begynneropplæring Matte, norsk, kroppsøving Spes.ped Basisfag | 100% 100% 100% 80-120% | Eva Refvik Tlf: 99 56 23 07 | |
Valen | 1-4 5-7 | Spes.ped med kompetanse på autisme Adjunkt | 50-100% 80% | Frode Gaasdal Tlf: 98 62 51 94 | |
Åkra | 1-4 | Norsk/engelsk | 50% | Bjørn Rune Bergane Tlf: 99 42 87 32 | |
Omvikdalen | 5-7 | Adjunkt. Engelsk, spes.ped, musikk | 100% | Heidi Hatteberg Tlf: 97 98 40 16 | |
Uskedalen | 5-7 | Adjunkt | 100% | Odd Steinar Arnesen Tlf: 90 72 27 66 | |
Hatlestrand | 5-7 | Norsk 2 | 20% | Lilli Britt Urheim Tlf: 92 44 45 14 | |
Ungdomsskular | |||||
Husnes ungdomsskule | 8-10 | Norsk/engelsk Norsk/engelsk Spes.ped | 100% 100% 100% | Stig Berge-Soldal Tlf: 90 09 91 12 | |
Rosendal ungdomsskule | 8-10 | Norsk Norsk 2 | 200% 50% | Bjørn Olav Tveit Tlf: 47 23 61 87 | |
Øyatun | 8-10 | Tysk | 12,87% | Hege Mehammer Tofte Tlf: 90 12 40 18 | |
Hatlestrand | 8-10 | Norsk 2 Spansk | 20% 12% | Lilli Britt Urheim Tlf: 92 44 45 14 | |
Vaksenopplæringa | Andrespråk | 200% | Lene G. Skjelnes Tlf: 46 82 67 85 |
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her