Jordmor
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark søkjer avdelingsleiar jordmorsamarbeidet/jordmor - 100 % vikariat. Ledig frå 04.01.2021 -- 30.11.2021. - ID 1796.
Søknadsfrist 06.10.20.
Frå 01.01.2018 er alle jordmortenestar i kommunane Vinje, Kviteseid, Seljord og Fyresdal organisert etter vertskommunemodell med Vinje kommune som vertskommune. Jordmødrene som inngår i samarbeidet skal samla gje eit fagleg godt tilbod for oppfylging under svangerskap og i barseltid, samt vaktteneste på Jordmorvakta i Seljord.
Stillinga inneber:
- Avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark i 20% av stillinga.
- Oppfylgjing av gravide og barselkvinner i Vinje.
- Vaktteneste med beredskap og fylgjeteneste på Jordmorvakta i Seljord.3-4 døgnvakter kvar 6. helg.
Kvalifikasjonar:
- Autorisert jordmor.
- Erfaring frå fødeavdeling, fødestoge og / eller fylgjeteneste.
- Førarkort klasse B og eigen bil.
Me søkjer deg som:
- Har gode samarbeidseigenskapar.
- Er fleksibel og imøtekomande.
- Trivst med sjølvstendig arbeid.
- Er engasjert.
Det er mogeleg å søkje på delar av stillinga. Løn etter gjeldande avtaler. Politiattest må leverast før tilsetjing. Opplæring vil bli gjeve. Ved spørsmål, kontakt avdelingsleiar for Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, Helene Mølster Byggland, tlf: 98627716.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema.
Velkomen som søkjar!