Lærar i årsvikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4290165698 Presentasjon av stillingen:
Florø ungdomsskule har inntil to (2) ledige årsvikariat for lærarar frå oktober 2020.
Arbeidsoppgåver
Undervisning- og læringsoppgåver relatert til faga norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE og kunst- og handverk.
Kvalifikasjonar
Vi treng deg som har engasjement til å skape gode faglege og sosiale lærings- og utviklingsvilkår for ungdom. Du er oppteken av di eiga læring og utvikling, og trivs i eit miljø som gjev deg høve til dette. Du har undervisningskompetanse i norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE og kunst- og handverk etter krav til studiepoeng på ungdomstrinnet. Du vil vere med på å utvikle god klasseleiing med inkludering som hovedfokus, bruk av teknologi i læring og god vurderingspraksis.
Personlege eigenskapar
Du er utviklingsorientert både kollektivt gjennom samskaping med kollegaer, og individuelt i høve eigen praksis. Du er pliktoppfyllande, lojal og likar å lære saman med ungdom og vaksne.
Vi tilbyr
Gode løns- og pensjonsvilkår. Tilgang til god kompetanseutvikling. Eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Kari Vårdal, Rektor Florø ungdomsskule, 97089809
Arbeidsstad
Florø ungsommskule
6900 Florø
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kinn kommune
Referansenr.:4290165698
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.10.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 12.10.2020
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.
Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.200 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1600 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.