Aktivitetskoordinator
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Om stillinga
Ny prosjektstilling som aktivitetskoordinator i 100% i tenesta psykisk helse og rus i Sogndal kommune. Stillinga går over to år, med moglegheit for fast tilsetting. Sogndal kommune skal etablere aktivitetstilbod til personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Vi har nyleg vore igjennom ein kommunesamanslåing og stillinga vil difor få vere med i ein spennande utvikling, styrking og ny organisering av tenester. Her får ein vere med på heile oppbygginga og utvikling av tilbodet frå 1.dag. Målet for aktivitetstilbodet er å gjere kvardagen meir meiningsfull og mindre isolert. Tenesta skal vere lett tilgjengeleg.
Arbeidsoppgåver og ansvar:
- Planlegge og vere deltakande i utformingsprosess av lokalitet samt innhald i tenesta.
- Kartlegge behov og innhente informasjon frå tenestemottakarar i heile Sogndal kommune.
- Brukar og pårørandearbeid.
- Utvikle og bygge opp eit tilbod til felles og eigen aktivitet.
- Drift av aktivitetstilbodet.
- Tett samarbeid med andre tjenester.
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med utdanning innan helse og omsorg.
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil vere eit føremon.
- Erfaring frå aktivitetstilbod vil vere eit føremon
- Førarkort klasse B
- Gode norsk kunnskapar
- Politiattest av nyare dato ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.
- Evne til å tenke nytt og sjå nye løysingar
- Har god relasjonskompetanse
- Høg brukarmedverknad
- Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar
- Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar
- Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.
- Kreativ og «handy»
Me tilbyr:
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling.
- Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helen Ask Kronstad , Mobil 45 87 97 27, Epost: helen.kronstad@sogndal.kommune.no
Om bedriften
Velkommen til fagre Sogn! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er vi vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1150 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.