Avdelingsleiar for språk- og samfunnsfag
Stillingsannonsen er inaktiv.Flora vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 Florø
Org. nr: 974571145 Stillingsident: 4218526114 Presentasjon av stillingen:
Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 100 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 530 elevar. Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 010820 har vi ledig stilling som avdelingsleiar for språk- og samfunnsfag.
Stillinga inngår i leiargruppa og i tillegg til avdelingsansvar ligg det fellesoppgåver knytt til m.a. utviklingsarbeid, internasjonalisering og undervisning i relevante fag.
Stillingsstorleiken er 100%, og til stillinga ligg det:
- Personal- og fagansvar for lærarar inn språk- og samfunnsfag
- Oppfølgingsansvar for klassar innan studiespesialisering
- Undervisning i relevante fag i omlag 40%. Den som vert tilsett må såleis både har fag- og pedagogisk kompetanse
- Deltaking i det felles arbeidet i leiargruppa
- Deltaking i felles leiar- og kompetanseutvikling
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar med fag- og personalansvar vil sentrale oppgåver for deg m.a. vere:
- Disponering av arbeidstid og fagfordeling
- Permisjonshandtering og vikarinnhenting
- Personalutvikling og personalomsorg
I den pedagogiske drifta av avdelinga ligg m.a
- Fagleg rettleiing knytt til fagutvikling, planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga.
- Informasjonsflyt til/frå eigne tilsette
- Saman med faglærarane, å legge til rette for utviklingsarbeid og internasjonalisering
I den sosialpedagogiske drifta av avdelinga ligg det m.a.
- Oppfølging av elevundersøkinga, læringsmiljøkartlegging og tiltak for eigne klassar og elevgrupper
- Handtere elevsakar i tett samarbeid med sosialpedagogisk team
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har visjonar om kva ein god skule for elevar og tilsette er, og korleis ein kan realisere både nasjonale og lokale mål gjennom arbeidet i profesjonsfellesskapet.
Du må ha høgare utdanning, undervisningskompetanse i relevante fag, og kjennskap til arbeidsområda som ligg til stillinga.
Språk- og samfunnsfaga er i utvikling, og vi søkjer etter deg som har stor fagleg interesse innan språk- og samfunnsfaga i dag og i framtida.
Både skuleleiing, klasseleiing og fagleiing oppstår i møte med einskildmenneske og som avdelingsleiar må du ha ei rettleiiande veremåte som opner opp for at både lærarar og elevar kan vekse og lukkast i arbeidet sitt.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som er har ein interessert, lyttande og rettleiande væremåte, og som samstundes er sjølvstendig og effektiv i iverksetjing.
Som leiar må du vere besvisst ansvaret som ligg i å leie andre, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa for elevane.
Du må meistre digitale hjelpemiddel og vere nysgjerrig på fag- og teknologiutviklinga innan sektoren.
Skulen er ein plass der ulike omsyn heile tida må vegast mot kvarandre, og det er viktig at du som leiar er lojal mot avgjerder og styringssignal.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Merk at alle stillingar ved skulen vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett. Dette vert avklara før tilsetting.
For meir informasjon om stillinga kontakt rektor Knut Chr. Clausen tlf 41 53 06 84.
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen, rektor , 41530684
Arbeidsstad
Professor Gjeldsviksv 22
6900 FLORØ
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4218526114
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Flora vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Adresse
Professor Gjelsvikveg 22, 6906 Florø
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 17. april 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4218526114_Flora vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune_webcruiter
Stillingsnummer: 024300af-3e0d-4202-9cae-adb78504c926