Prosjekt- og byggjeleiar
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4469540077 Presentasjon av stillingen:
Sveio kommune søkjer prosjekt- og byggjeleiar ved drift- og anleggseininga til 100% fast stilling. Kommunen har fleire viktige byggjeprosjekt framover. Vi treng å styrkja staben vår med ein motivert, røynd og kompetent prosjekt- og byggjeleiar som skal ha ansvar for planlegging og gjennomføring av fleire av desse prosjekta. Som prosjekt- og byggjeleiar vil du ha ei nøkkelrolle knytta til utvikling av kommunen sine byggjeprosjekt frå idefase til ferdige prosjekt. Prosjekt- og byggjeleiar vil rapportera til einingsleiar for drift og anlegg.
Arbeidsoppgåver
- Prosjekt- og byggjeleiing av store kommunale prosjekt frå start til slutt
- Samarbeida med brukargrupper for å kartleggja behova
- Utarbeiding av anbodsdokument og gjennomføring av anbodskonkurransar
- Ivareta kommunen sin byggherrefunksjon gjennom planlegging, kontrahering og oppfølging av anlegg i produksjonsfasen
- Rapportera framdrift og økonomi
- Oppfølging av HMS og internkontroll ved dei ulike anlegga
- Førebu saksframstilling for politiske organ
- Anna sakshandsaming og oppgåver innan avdelinga
Kvalifikasjonar
- Ingeniør innan byggfag eller anna høgare, relevant teknisk utdanning
- Bør ha røynsle frå prosjekt og byggjeleiing av større byggjeprosjekt
- Røynsle frå gjennomføring av offentlege anbodsprosessar er ønskjeleg
- Fordel med god kjennskap til Byggherreforskrifta
- Røynsle frå offentleg forvaltning er ønskjeleg
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
- Strukturert, med evne til å organisera og vera ein pådrivar i prosjekt
- Tydeleg, med gode kommunikasjonsevner
- Kunna arbeida effektivt og trivast i ein hektisk kvardag
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Sentral rolle for deg som vil vera med å påvirka og utvikla spanande og viktige prosjekt i kommunen for framtida
- Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale og god pensjonsordning
- Godtgjersle for bruk av eigen bil etter kommunalt regulativ
Kontaktinformasjon
Frederik Flood, Einingsleiar Drift og Anlegg, 53 74 80 63
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 SVEIO
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4469540077
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.02.2022
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.