Bykle og Hovden treng deg!
Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4197336631 Presentasjon av stillingen:
LEDIG LÆRARJOBB PÅ FJELLET!
Bykle og Hovden treng deg! Vi gir rekrutteringstillegg på kr. 40 000 i tre år for deg som har godkjent utdanning.
Bykle barne- og ungdomsskule ligg i kyrkjebygda i Bykle. Skulen er ein 1-10 skule og har om lag 60 elevar.
Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg lærarar som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Skulane er godt utstyrte, inkludert svært gode digitale verktøy, for både lærarar og elevar. Det er gode uteområde med mogelegheit for uteundervisning. Klassestorleiken er slik at uteaktivitetar er muleg. Skuleutvikling og gode læringsmiljø er viktige for oss. Dette ønskjer vi at lærarane våre skal engasjere seg. Skulen er Pals-skule. Dei som blir tilsette må arbeide i tråd med pals-prinsippa. Lærardekninga er god og du vil møte dyktige lærarkollegaer.
Det er ledig 2 faste stillingar og 1,75 vikariat. Den som søkjer må prioritere stillingane dei søkjer.
Kvalifikasjonar
- Formell utdanning som kvalifiserer for tilsetting og undervisning i grunnskulen
- Samla må dei tilsette ved skulen kunne dekke flest mulege fag
- Norsk i ungdomsskulen, for ei av dei faste stillingane.
- Må kunne bruke digitale læremiddel i undervisninga
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Annan kompetanse kan bli vurdert
Søkjarane må spesifisere fagkompetanse og oppgi studiepoeng for kvart fag i CV.
Personlege eigenskapar
- Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.
Vi tilbyr
- Løn etter kompetanse
- Rekrutteringstillegg på kr. 40 000 per år i tre år for den som har godkjent utdanning
- Oppfølging av mentor for nyutdanna
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Krav om godkjent politiattest ved tilsetjing.
Tuberkulinstatus må dokumenterast ved tiltreding.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bede om at søknaden blir unnateke offentleggjering. Søkjaren blir varsla dersom slik reservasjon ikkje er i møtekomen (jf. Offentleglova § 25).
Kontaktinformasjon
Rønnaug Torvik, Tenesteleiar, 488 94 317
Arbeidsstad
Sarvsvegen 16
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Bykle kommune
Referansenr.:4197336631
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 11.03.2020
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette