Psykolog/ psykologspesialist ved allmennpsykiatrisk poliklinikk Valen
Org. nr: - Stillingsident: 4438498568 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig psykologstilling ved allmennpsykiatrisk poliklinikk og tverrfagleg behandlarteam i FACT Folgefonn DPS på Valen. Folgefonn DPS er ein seksjon i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Folgefonn DPS har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 vaksne innbyggjarar. Poliklinikken på Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med psykologspesialist, psykiater, spesialsjukepleiar, ruskonsulent og fysioterapeut.
Folgefonn DPS har i tillegg Treningspoliklinikk, TSB poliklinikk og døgnpost med 12 døgnplassar på Valen med godkjenning for tvunge psykisk helsevern. Det er også tilbod om musikkterapi individuelt og i gruppe og gruppebehandling med hesteassistert terapi.
Det er gode samarbeidstilhøve med døgnavdeling og ambulant eining med sikte på å tilby eit heilskapleg behandlingstilbod.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av allmennpsykiatriske- , psykose- eller rus lidingar
- Rettleiing av samarbeidande personell i kommunehelsetenesta
- Deltaking i gruppepolikliniske tilbod om ønskjeleg
Kvalifikasjonar
- Psykolog med norsk autorisasjon, ev. lisens.
- Relevant erfaring og praksis.
- Gode språkferdigheiter i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar som å arbeide sjølvstendig og i team, blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande avtale mellom NPF og Helse Fonna HF.
- Gode løns- og arbeidsvilkår. Fleksibel arbeidstid om ønskjeleg.
- Vi kan hjelpe til med å skaffe overgangsbustad og evt. flytteutgifter kan dekkast etter gjeldande retningsliner.
- Gode moglegheiter for spesialisering og vidareutdanning, og moglegheit for å delta i forskningsprosjekt.
- Helse Fonna HF legg til rette for heile spesialiseringsløpet.
- Fagleg vegleiing/ undervisning i gruppe med erfaren psykologspesialist og i tillegg faste psykologmøter
- Psykologspesialistar har avtalefesta fordjupningspermisjon 4 mnd. pr. 5 år.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Dag Gunnar Milje, Poliklinikkleiar og overlege, 53 46 65 90, dag.gunnar.milje@helse-fonna.no
Hege Lægreid Røssland, Seksjonsleiar, 53 46 64 12, hege.laegreid.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Folgefonn DPS, Sjukehusvegen 16
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4438498568
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.