Driftsleiar/operatør Vatn og Avløp 100% fast stilling
Eininga drift og vedlikehald har ansvar for drift av vatn- og avlaupsanlegg, bygg, vegar, kyrkjegardar og parkar/grøntanlegg.
Kommunen har 6 vatn- og avlaupsdistrikt, 3 ligg i dei ulike hytteområda, samt Kyrkjebygd, Logna og Kylland. Eininga har drift- og fagansvar for desse.
Vidare har eininga ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale veger/bruer, idrottsanlegg, leikeplassar, parkar og kyrkjegardar. Alt vedlikehald av kommunale bygg ligg og til eininga.
Eininga har budsjettansvar for brannberedskap, brannførebygging og feiing.
Arbeidsoppgaver
- Planlegge og koordinera drift/vedlikehald av kommunen sine VA anlegg og ansvar for bruk og vedlikehald av FDV systemet
- Arbeidsleiing av driftsmannskap, oppfølging på arbeidsplass
- Allsidige og varierte arbeidsoppgåver ved dei kommunale vatn- og avløpsanlegga, instalasjonar og tilhøyrande ledningsnett
- Andre relevante oppgåver etter behov
- Hjelp og pratisk bistand til dei andre tenesteområda
- Den som vert tilsett vil vere ein del av eininga si beredskapsteneste
- Det kan vere aktuelt å ha ansvar for evt lærlingar
Kvalifikasjoner
- Driftsoperatørutdanning/relevant fagbrev, t.d rørleggar, elektrikar, automasjon, kjemi og prosess
- Det er ønskeleg med erfaring frå anleggsfag
- Grunnleggande datakunnskapar og vere fortruleg med bruk av PC og iPad
- ADK -1 sertifikat er ønskeleg
- Leiarerfaring vil bli tillagt vekt
- Førarkort klasse B E
Personlige egenskaper
Vi ønskjer ein medarbeider som:
- har gode leiareigenskaper, positiv holdning, god samarbeidsevne, evne til å ta ansvar og planlegge kort og langsiktig drift.
- har evne til å skape gode relasjonar
- er fleksibel og har endringskompetanse
- er engasjert
Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt
Vi oppfordrar kvinner til å søkje på stillinga
Vi tilbyr
Spanande arbeidsoppgåver i ein utviklingsretta og lærande organisasjon
Godt arbeidsmiljø, gode fagmiljø med mogelegheit for kompetanseutvikling
Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Kjell Ljosland, Einingsleiar drift og vedlikehald, 41515700Arbeidssted
Gardsvegen 684540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommuneReferansenr.:4567834401
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2022
Om bedriften
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.