Koordinator digitalisering i skule
Org. nr: - Stillingsident: 4130741105 Presentasjon av stillingen:
Er du over gjennomsnittet interressert i korleis skulane kan vera ein framtidsretta digital kunnskapsarena? Likar du å arbeida med forbetring og å laga nye system? Ser du moglegheiter i skulen i skjeringspunktet pedagogikk og digitalisering? Då er du kanskje den personen me leitar etter?
I ein framtidsretta digital skuleorganisasjon, vil me gjerne ta dei rette vala og ha den rette kompetansen, både i høve elevar, foreldre og tilsette. For å imøtekoma desse behova vil me tilsetja ein koordinator som kan vera pådrivar i dette arbeidet.
Arbeidsstad vert ein kombinasjon av å vera ute på skulane og på rådhuset.
Arbeidsoppgåver
Koordinator for planarbeid, prosessarbeid og system for kompetanseutvikling
- Planarbeid - strategi for digital læring i skule
- Prosessarbeid - kartlegging og analysearbeid (pedagogisk programvare/ kompenserande programvare)
- Kompetanseutvikling - laga system/årshjul for framtidig opplæring i organisasjonen
- Digital utvikling i tråd med fagfornyinga
- Samarbeida tett med brukarane, IT-avdelinga og leiinga ved skulane
- Få eit overordna blikk på organisasjonen, med sikte på lik kvalitet
Alt arbeid skal gjerast i samråd med nasjonale føringar, læreplanverk og heradet sin digitaliseringsstragi
Kvalifikasjonar
- utdanning innan pedagogikk og digitalisering, då denne kombinasjonen best imøtekjem organisasjonen sine behov
- gjerne relevant vidareutdanning
- erfaring frå digitale utfordringar i skulen
- erfaring frå digitaliseringprosessar og forbetringsarbeid i skule
- god kjennskap til kva behov skulen som system står overfor når det gjeld digitale utfordringar
Personlege eigenskapar
- god til å kommunisera og vera i dynamisk samarbeid
- evne til å motivera andre og skapa engasjement
- evne til å analysera og løfta blikket for å løysa utfordringar i organisasjonen
- dedikert person som har genuin interesse for fagfeltet
- likar å arbeida strukturert
- skriv godt nynorsk, jamfør Kvam herad sin "klart språk"-profil
Me tilbyr
- Ein organisasjon som er klar for innspel til å rigga ein skule for framtida
- Eit tett samarbeid med rektorgruppa og skuleeigar
- Strategisk plan for digitalisering
- Deltaking i IKT-gruppa med representantar frå kvar skule
- Deltaking i arbeidsgruppe digitalisering
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem. Gode pensjons-/og forsikringsordningar. Dersom den som vert tilsett har godkjent undervisningskompetanse kan han/ ho få totalt 100 % stilling, då i kombinasjon med annan stilling ved ein skule.
Generell informasjon :
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Beate Gauden, Leiar barnehage og skule, 905 91 182
Arbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Kvam herad
Referansenr.:4130741105
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 10.03.2020
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir