Fast stilling og sommarvikariat som helsefagarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4194245791 Presentasjon av stillingen:
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet.
Kvar sommar treng vi flinke helsefagarbeidarar i arbeid. For å gjere det enklare for deg som søkjar, har vi felles rekruttering til alle avdelingane. Fint om du skriv i søknaden kor du ønskjer å arbeide og om du søkjer fast stilling, sommarvikariat eller begge. Det må fremgå i søknaden når du kan arbeide og kva avdeling(ar) du søkjer ved.
Det er ledig fast stilling ved:
- Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kreft post 1
Det er ledige vikariat ved desse avdelingane:
- Voss sjukehus (Kirurgisk sengepost)
- Somatiske avdelingar
- Avdelingar innan Divisjon psykisk helsevern
Du må kunne jobbe i arbeidsperioden veke 25 - 33(34) og ein må kunne jobbe samanhengande i minimum 6 veker. Ferie avtalast med avdelinga etter veke 33(34).
Les meir om avdelingane på vår heimeside
Arbeidsoppgåver
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna helsefagarbeidar seinast våren 2020. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Du har relevant pleieerfaring
- Det er ønskjeleg med erfaring frå sjukehus
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg særs godt
Utdanningsretning
- Helsefagarbeidar / Hjelpepleie
Utdanningsnivå
- Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av at pasientane skal vere trygg på at dei får god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
- Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
- Du har gode samarbeidsevner og godt humør
Vi tilbyr
- Du vil få felles introduksjons- og opplæringsdagar i tillegg til opplæring på avdeling
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Anniken Knag Haukeland, Spesialkonsulent, 55976900
Arbeidsstad
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4194245791
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.