Ledig stilling som rektor (arkivsaksnummer: 19/32)
Det vert ledig stilling som rektor ved Jondal skule, vikariat frå juni og i ca eitt år.
Ansvar Rektor har ansvar for kort- og langtidsplanlegging, utvikling, økonomistyring, tenesteyting, mål- og resultatoppfølging for skulen, vaksenopplæringa og SFO. Rektor har òg personalansvar for tilsett i symjehallen og ansvar for utleige av skulen sine bygg. Skulen er under rehabilitering. Rektor har ei viktig rolle inn i dette arbeidet, både knytt mot kommune og prosjektgruppe, og arbeidet med å ivareta tilsette og elevar gjennom rehabiliteringsperioden. Jondal kommune, og Jondal skule, går inn i ein 2-års periode med vegleiing frå Udir sitt Veilederkorps. Rektor er kontaktperson her, og får ansvar for å følgje opp vegleiinga på skulen.
Kompetanse
-
relevant pedagogisk kompetanse
-
tilleggsutdanning innan skuleleiing og leiing.
-
relevant leiarpraksis.
Eigenskapar
-
evne til å inspirera og engasjera både i kvardagen og i dei lengre utviklingsprosjekta
-
evne til å utvikle skulen pedagogisk og oppnå resultat
-
målretta, strukturert og relasjonsorientert.
Jondal skule Skulen har i dag omlag 120 elevar frå 1. til 10. klasse, og 28 tilsette i skule og vaksenopplæring. Jondal skule inngår i eining Oppvekst og kultur. Leiarteamet ved skulen/vaksenopplæringa er sett saman av rektor og 2 avdelingsleiarar. Skulen har eit stabilt elevgrunnlag. Skulen har eit godt tilrettelagt uteområde med ballbinge, aktivitetspark og kunstgrasbane, og me har eit nyrenovert 16,5 m symjebasseng. Det faglege fellesskapet ved skulen er sterkt og arbeidsmiljøet er positivt og inkluderande. Skulen sine hovudsatsingsområde er lesing i alle fag og godt læringsmiljø. Me held no på med etterarbeid etter to prosjekt der lesing var hovudfokus: TettPå med PPT og StatpedVest (1.-4. klasse) og Ungdomssteg i Utvikling (5.-10. klasse). Me arbeider med ein Lese- og skriveplan, og med Språkløyper. Godt læringsmiljø jobbar me med gjennom aktivitet og inkludering i friminutta, og nyttar Trivselsprogrammet. Jondal skule er også ein MOT-skule med rektor som ein sentral person i dette arbeidet. I tillegg søkjer skulen om å få vera med på Udir sitt kompetanseutvikingsprosjektet <<Inkluderande barnehage- og skulemiljø>>.
Kontaktperson Rektor Sarah Marie Røstbø, telefon 951 22 615, er kontaktperson.
For søknad Bruk søknadsskjema som ligg på vår heimeside, www.jondal.kommune.no - ledige stillingar. For spørsmål om søknadsskjema ring 53 66 95 00. Søknadsfrist: 02.02.19. Søknaden har arkivsaksnummer: 19/32 Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Søk på stillingen
Om bedriften
Jondal er ei flott bygd i Hardanger, med plommer og morellar, med fjell og fjord, båtliv og Folgefonn sommarskisenter i nærleiken. Den som er glad i naturen bør ta turen til Hardanger og oppleve bygda vår. Vil du ta turen til Bergen, kjem du dit med ei ferje og 9 mil å køyre. Det er 40 min. til Odda. Frå 01.01.20 blir Jondal kommune slått saman med Odda kommune og Ullensvang herad, og blir til Ullensvang kommune.