Assistent - 50 % vikariat
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Knarvik Sør/Vest Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga
Vi har ledig 50 % fast stilling som assistent i heimetenesta Knarvik sørvest. Stillinga inneber arbeid i turnus med arbeid i snitt kvar 3. helg.
Om Knarvik sørvest heimeteneste
Avdeling Knarvik sørvest har kontor i Knarvi. Vi gir tenester til brukarar som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen i Alver organisert under Knarvik sørvest. Dei har oppmøteplass i Knarvik, Frekhaug og Manger, og gir tenester i alle distrikt i Alver.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar Vi ønskjer oss ein person som:
- er inspirerande og engasjert
- kan prioritere i ein travel kvardag
- trivst med å arbeide sjølvstednig og som del av team
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- er løysingsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- behersker norsk både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og fremtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest før tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Sølvi Ulvund, Tlf: +47 56375593, Mobil +47 94503159, Epost: solvi.ulvlund@alver.kommune.no
Om bedriften
"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås, Alversund /Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. Avdelingane samarbeider tett.