Prosjektleiar - administrasjon
100 % prosjektstilling som prosjektleiar og mogleg stipendiat frå snarast -- ID 1729
Søknadsfrist: 28.02.20
Berekraftig digital innovasjon og kompetansefremjande samarbeidsutvikling for små og mellomstore bedrifter i utkantstrok. Auka konkurranseevne i nye marknader. Vinje kommune skal fungere som ein hub for utvikling av kompetente, konkurransedyktige og samarbeidande bedrifter.
Universitet i Sørøst Norge, USN og Vinje kommune står saman som partnarar i Interreg-programmet som har fått støtte til prosjektet COM3 for perioden 2020-2023. COM3 skal utvikle ein unik støttemodell som styrker digitale kompetansar hjå lokale og regionale aktørar. Prosjektet involverer 20 organisasjonar, i.e. universitet, kommunar og bedrifter i sju europeiske land. USN campus Bø er den regionale koordinatoren som har målsetjing om å utvikle bærekraftige grep for betre samarbeid, auka kompetanse, kommunikasjon og bruk av nye marknader for å styrke små og mellomstore bedrifters (SMEs) konkurranseevne i tida som kjem. Dette må sjåast i nær samanheng med grøn, berekraftig utvikling då Vinje og dei fleste utkantstrok er omfatta av sårbar natur.
Vinje kommune i Telemark er på alle vis ein utkantkommune med dei fleste føremon og ulemper det inneber. Fantastisk natur, ekstrem høg digital oppkopling, låg arbeidsløyse, god offentleg økonomi, få menneske, lågt utdanningsnivå og mange særs små og sårbare bedrifter basert på turisme og primærnæringane. Det er lita reell samhandling mellom dei private aktørane seg imellom og opp mot kommunen. Innovativt samarbeid og utnytting av teknologiske nyvinningar har så langt ikkje vore godt nok utnytta for å sikre godt samarbeid og åtkomst til nye marknader som vil kunne sikre høgare kompetanse og betre økonomisk fundament. Mange små og bittesmå føretak i Vinje er faktisk hjørnesteinsbedriftene samfunn må setje sin lit til. I skiftande tider med auka globalisering og større konkurranse blir viktig å styrke desse.
Skildring av stillinga
Vinje kommune søkjer ein fagleg dyktig person med gode leiareigenskapar. Du må ha analytisk tilnærming til problemstillingar, vere strukturert, kreativ, sjølvstendig og glad i samskaping. Ved næringskontoret i Vinje kommune er det ledig ei stilling som prosjektleiar og næringslivsutviklar som ynskjer å ta graden philosophia doctor (Phd.) ved USN.
Stillinga er ledig og gjeld for fire år med høve til forlenging. Starttidspunkt er snarast. Vinje er arbeidsstad.
Stillinga skal vere ein kombinasjon av prosjektleiing, koordinering og forsking. Vinje kommune har som mål at forskinga skal vere eit stipendiat eller utdanningsstilling med fullført forskarutdanning fram til endeleg doktorgrad. Dette krev godkjenning frå Forskningsrådet som me har fått veldig positive signal ifrå. Mogleg opptak til doktorgradsprogram ved USN er ei føresetnad for tilsetting, og studieperioden startar truleg ved oppstart i august 2020. Stipendiaten skal delta i fakultetets forskarutdanning, og doktorgradsprosjektet skal bli gjennomført i løpet av tilsettingsperioden på fire år med høve til forlenging i Vinje kommune. Meir informasjon om søknadsprosessen og Phd.-forskrifta finner du på opptak phd USN.
Stillinga er kytt opp til næringskontoret og sentraladministrasjonen på rådmannsnivå i Vinje kommune. Forskarstillinga skal gje kommuneadministrasjonen tettare oppfylging av lokalt næringsliv, høgare kompetanse inn i eigen organisasjon og nærare samarbeid med forskingsmiljøet i USN og Interreg-området elles.
Stillingas forskingsområde og organiseringsform
Personen som blir tilsett i denne stillinga skal gjennomføre doktorgradsarbeidet i løpet av fire år. Dette inneber då forskarutdanninga Phd ved USN, campus Drammen 75 % over fire år og 25 % prosjektleiing i Vinje kommune i COM3-prosjektet. Doktorgradsavhandlinga og COM3 skal då i hovudsak dreie seg om utvikling av innovative berekraftige digitale løysingar som vil skape auka kompetanse, betre kommunikasjon og betre konkurranseevne i næringslivet i rurale område. Dette skal sjåast i eit sampel med kommunen og skal vere tufta på grøne prinsipp i høve sårbar natur. Reiseliv er sentralt her i Noregs 4. største hyttekommune med om lag 5500 private hytter og 3700 fastbuande. Målet med Phd-prosjektet er å skape modellar for offentleg/privat samskaping gjennom kommunikasjon og tilrettelegging som andre utkantstrok kan lære av.
Kvalifikasjonar
Oppnådd mastergrad er ein føresetnad for tilsetjing. Krava til opptak ved Phd-programmet til USN finn ein her
Søkjarar som er i sluttfasa av masterstudie kan søkje stillinga, under føresetnad av levert endeleg bestått eksamen. Om ho eller han er nær ved å levere eller nyleg har levert masteroppgåva, må ein legge ved eit utkast av oppgåva.
Søkjar må kunne norsk, dansk eller svensk flytande, både skriftleg og munnleg. Nynorskkompetanse vil vere eit klart føremon. Søkjar må dokumentere gode engelskkunnskapar skriftleg og munnleg. Erfaring frå Interreg-arbeid eller andre internasjonale prosjekt vil vere gunstig.
Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga veg tungt. Søkjarens arbeidskapasitet, potensiale og motivasjon for forsking innafor fagfeltet er avgjerande. Søkjar må ha god samarbeidsevne, evne til å kommunisere, må vere initiativrik og sjølvgåande, og kan arbeide analytisk, målretta og strukturert.
Søknadens innhald
- Søknadsbrev inkludert ei kort utgreiing om interessa og motivasjonen for stillinga
- Kort sjølvmelding om kven du er og om du har framtidsperspektiv du har
- CV med utdanning, praksis, fagleg arbeid, personlege eigenskapar og referansar
- Dokumentasjon av språkkunnskapar
- Vitnemål og karakterutskrift bachelorgrad og mastergrad (originalspråk og oversett)
- Eventuelle vitskapelege arbeid, som til dømes masteroppgåva eller artiklar
Vinje kommune kan tilby
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og dedikerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid
- Konkurransedyktig løns- og pensjonsordningar
- Gode velferdsordningar
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse og/eller KLP
- Hjelp med å skaffe bustad
Arbeids- og lønnsvilkår
Tilsettingsperioden er fire år. Ph.d.-studiet er normert til tre år. Fjerde året, fordelt med 25 % pr år, skal stipendiaten bruke til prosjektleiing og drift av COM3-prosjektet og/eller andre arbeidsoppgåver for Vinje kommune.
Stillinga som stipendiat vert ved oppstart årslønsplassert på kr 600 000,- .
Spørsmål om korleis arbeidsmiljøet er tilrettelagt, slik som kontorfasilitetar, møterom, transport, helseteneste, friluftsmoglegheitar og anna praktisk kan ein rette til assisterande rådmann Anders Sandvik anders.sandvik@vinje.kommune.no, eller næringssjef Knut Martin Edland knut.martin.edland@vinje.kommune.no i Vinje kommune.
Personopplysingar i søknaden og søknadsprosessen vert handsama i høve lov om behandling av personopplysingar. Søkjarar kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista, men Vinje kommune kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren vil då bli varsla.
Søknad skal sendast på elektronisk skjema
Velkomen som søkjar!