Seksjon Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS) har ledig helgestilling
Org. nr: - Stillingsident: 4197042548 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk oppretta i januar 2018 ein ny seksjon i Avdeling spesialisert psykosebehandling for rehabilitering av personar med psykoseliding med kompliserande tilstandar -- seksjon Kompleks rehabilitering Sandviken (KRS).
KRS har 9 døgnplassar og er organisert i to grupper. Den eine gruppa gir tilbod til personar som har kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring, den andre gruppa psykoseliding med kompliserande tilstandar. Seksjonen skal drive rehabilitering til bustad og dagleglivets aktivitetar og utfordringar i eit samarbeid med innsøkjande instansar og dei kommunale tenestene.
Vi har ledig fast stilling i 21% med arbeidstid pt. kvar 3. helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid
- Teamarbeid
- Observere og dokumentere
- Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grensar for kvar enkelt pasient
- Praktiske oppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert
- Pasientorientert
- Ha respekt for kvar enkelt pasient og pårørande
- Ha evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Å delta i eit spennande og fagleg miljø, der folk trivst på jobb
- Fadderordning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Maren Folkedahl, Konstituert Seksjonsleiar, 55958624
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4197042548
Stillingsprosent: 21%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.