Lærar
Ledig 100% vikariat for lærar på Vinjar skule
Det er ledig 100% vikariat for lærar på Vinjar skule frå 01.01.21 til og med 31.01.22.
Vinjar skule er ein barneskule med omlag 100 elevar fordel på 7 trinn.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer etter lærar med kompetanse innan norsk, engelsk og matte.
Kvalifikasjonar
Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, men andre med relevant kompetanse kan òg søkja.
Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
Du må vera fleksibel og positiv.
Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
Du må trivast saman med elevar og føresette.
Personlege eigenskapar
vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
Generelt/Søknad sendast
For alle stillingar på skulen gjeld krav om politiattest ved tilsetting i samsvar med Opplæringslova § 10 - 9 som ikkje er eldre enn tre mnd.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.