Avdelingsleiar ambulanseavdeling 2
Vi har ledig fast stilling som avdelingsleiar ved ambulanseavdeling 2 i Helse Fonna. Avdelinga består av fire ambulansestasjoner (Stord, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo). Stillinga inneber heilskapleg resultatansvar på nivå 3 for fag og kvalitet, drift, personell, økonomi og samarbeid. Avdelingsleiar rapporterer til klinikkdirektør og inngår i leiargruppa i klinikken.
Ansvaret for ambulansedrifta i Helse Fonna er inndelt i tre avdelingar, der avdelingsleiarane for dei ulike avdelingane er i kontinuerlig samspel for å sikre lik utvikling av tenesta på tvers. Vi søkjer difor ein initiativrik leiar, som evner å bygge gode relasjonar og godt samarbeid på tvers av faglege og organisatoriske grenser. Du må ha evne til å skape entusiasme som bidrar til å vidareutvikle ein forbetringskultur som motiverer til kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring, nytenking, endring og omstilling.
Arbeidsstad er for tida Stord, men ein del reiseverksemd må påreknast.
Arbeidsoppgåver
- Avdelingsleiar har det overordna ansvaret for personell, økonomi og fagutvikling i avdelinga
- Ansvar for eiga leiargruppe og leiarutvikling av leiarane
- Vidareutvikle samarbeidsrelasjonar, både internt og eksternt
- Ivareta vårt miljø- og samfunnsansvar
- Kontinuerleg og systematisk kvalitetsforbetring og vidareutvikling av forbetringskultur
- Planlegge og legge til rette for at avdelinga blir drifta fagleg godt og effektivt
- Bidrar til at avdelinga støttar opp under Helse Fonna sine overordna mål
Kvalifikasjonar
- Leiarutdanning. Leiarerfaring med personalansvar kan kompensere for manglande utdanning
- Relevant helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og god organisasjonsforståing
- Erfaring med økonomistyring
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
- Ønskjeleg med erfaring i samband med leiing av endringsprosessar
Utdanningsretning
- Administrasjon/organisasjon/leiing
- Helsefag
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert leiar med ein innovativ, open og løysingsorientert haldning
- Vi ønsker at du har god rolle- og organisasjonsforståelse.
- Høg grad av lojalitet, kvalitetsbevisst og etterretteleg
- Oppteken av kvalitet i pasientbehandlinga
- Høg arbeidskapasitet og evne til å vere fleksibel og omstillingsdyktig
- Du likar å leie og bygge team
- Du kommuniserer på ein tydeleg, presis og strukturert måte, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga blir vektlagt
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode mogelegheiter for å utvikle deg som leiar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift).
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Dag Kjetil Larsen, Administrasjonssekretær, (+47) 52732204Sverre Kolbeinsen Lien, Direktør, (+47) 52732562, sverre.kolbeinsen.lien@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4587805033
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2022