ID 1810 Barnehagelærar/pedagogisk leiar - Kommunale barnehagar
For bruksåret 2022/23 kan det bli ledige stillingar i ulike stillingsstorleikar som barnehagelærarar/ped.leiarar i dei kommunale barnehagane.
Kvalifikasjonskrav:
- Barnehagelærarutdanning.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Bruk feltet <<kortfatta søknad>> til å setta opp eventuelt ønskje om prioritet av barnehagar.
Den/dei som vert tilsett må leggja fram gyldig politiattest, jf. Lov om barnehage av mai 1995 nr. 19, § 20.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktinformasjon kommunale barnehagar:
- Furuly Styrar Trine Hellesfjord Tlf: 53 45 45 95
- Trodlahaugen Styrar Sigfrid Halleraker Tlf: 53 45 43 80
- Sagvåg avd. Nysæter Styrar Irene Nilsen Vinje Tlf: 53 40 33 94
- Sagvåg avd. Tjødnalio Styrar Anita G. Borrevik Tlf: 53 40 33 76
- Skogatufto Styrar Hildebjørg Røssberg Tlf: 53 40 33 80
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.