Sogndal folkehøgskule søker reinhaldar i 80-100 % fast stilling.
Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal.
Me ynskjer å styrke reinhaldet vårt.
Du har fagbrev og gjerne erfaring av opplæring av andre, du er glad i menneskjer rundt deg og ikkje avhengig av tomme lokale for å kunne gjennomføre arbeidet ditt. Den som vert tilsett vil kunne vere med på å forme sin eigen kvardag og arbeidstida kan tilpassast.
Me ser etter ein lagspelar som er punktleg, nøyaktig og fleksibel, samt har auge for oppgaver som trengs å utføres..
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Me ser fram til å få ein ny kollega.
Løn etter tariffavtale. Som tilsett får du medlemskap i Statens pensjonskasse.
Stillinga er ledig fom. 15. august 2020.
For meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med Renate Vik Vatlestad, tlf: 95836613.
Send søknaden med CV til:
Styret for Stiftinga Sogndal folkehøgskule, sogndal@sogndal.fhs.no
Attestar og referansar tek du med til eit eventuelt intervju.
Søknadsfrist er 14. juni
Om bedriften
Sogndal folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule som ligg i sentrum av Sogndal. Skulen har ca. 100 elevar. Vi har linjene Friluftsliv, Friluftsliv Noreg, Ski og sykkel, Ski og klatring, Fotoreise og Idrett.
Sogndal folkehøgskule er ein allmenndannande skule, med vekt på personleg utvikling gjennom eit breitt fagtilbod. Verdiane til skulen er likeverd, demokrati og berekraftig fellesskap.